Søknad om eigedomsmeklarbrev og løyve for juristar til å drive eigedomsmekling
Dette skjema skal du bruke ved søknad om
- eigedomsmeklarbrev
- løyve for jurister til å drive eigedomsmekling
Kven skal bruke skjemaet?
Søknadsskjemaet skal kun nyttast for personleg søknad om konsesjon som Eigedomsmeklar og løyve for jurist til å drive eigedomsmekling.
For å fylla ut og senda inn dette skjemaet treng du tilgangspakken Privatperson (alle har dette).
Du kan sjå kva tilgangar du har på sida for tilgangsstyring. Om du ikkje har tilgang, må du få nokon med rettar til å delegera det til deg.
Kva skal eg leggje ved?
Kva vedlegg som er nødvendige kjem fram i skjemaet.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Meir om skjemaet
Sjå informasjon om vilkåra for godkjenning på Finanstilsynets nettsider:
- vel fagområde fra lista.
Saksbehandlingstid
Finanstilsynet som mål å behandle søknadar om konsesjon innan 30 dagar. Behandlingstida vert likevel påverka av kompleksiteten i søknaden, saksmengda elles og allokeringa av ressursane. Mangelfull dokumentasjon forseinkar også saksbehandlingstida. Enkelte kan derfor oppleve lengre behandlingstid enn 30 dagar.
Søkjaren får alltid eit vedtaksbrev når søknaden er ferdig behandla. Svaret blir som hovedregel sendt til digital postkasse, hvis søkjaren har oppretta slik. Hvis søkjaren ikkje har digital postkasse, blir svaret sendt til oppgitt postadresse. Søkjaren blir også kontakta hvis det går fram av søknaden at naudsynt dokumentasjon er uteglemt.
Søkjaren kan klage på eit endeleg avslagsvedtak.
Klagerett:
Finanstilsynets vedtak kan du klage på innan tre veker etter at vedtaksbrevet er motteke. Klagen sendast til Finanstilsynet. Klageinstansen er Finanstilsynsklagenemda. Søkjaren har rett til å gjere seg kjend med sakas dokumenter innanfor rammene av forvaltningslova §§ 18 til 19. Klaga må nemne kva for eit vedtak det vert klaga over, kva for endring som ønskast og dei grunnane klaga støttar seg til. Finanstilsynet gjer dei undersøkingane som klaga gjev grunn til, og oversender klaga til klageinstansen dersom avslaget vert oppretthalde, jf. forvaltningslova § 33.
