Rapporteringsskjema for selskap som driv inkassoverksemd (KRT-1006)
Når skal skjemaet brukast?
Innleveringsfristar:
Rapportering for første halvår: 1. september
Rapportering for andre halvår: 1. mars
Kven skal bruke skjemaet?
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du tilgangspakken Regnskap og økonomirapportering.
Du kan sjå kva tilgangar du har på sida for tilgangsstyring. Om du ikkje har tilgang, må du få nokon med rettar til å delegera det til deg.
Kva skal eg leggje ved?
Kopi av eventuelle dokument som heimlar erstatningsansvar.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Opplysningar blir innhenta frå inkassoføretak for å vurdere soliditeten i føretaka, mellom anna sjå til at kravet om positiv eigenkapital er oppfylt. Innrapporteringa skal vidare medverke til å innhente statistikkopplysningar, fange opp eventuelle rutinar for behandling av klientmidlar som er i strid med inkassolovgivinga, og utføre skikkavurderingar av dagleg leiar, styremedlemmer og vesentleg(e) eigar(ar) av inkassoføretak.
Meir om skjemaet
Skjemaet inneheld opplysningar om resultatrekneskap og balanse, opplysningar om storleiken på klientmidlar i forhold til klientmiddelforpliktingane med spørsmål om rutinar for behandling av slike midlar, generelle opplysningar om omfanget av inkassoverksemda og opplysningar om eventuelt skifte av dagleg leiar og/eller styremedlemmer, mellom anna erverv av vesentleg eigardel og/eller auke i slik eigardel, som ledd i den skikkavurderinga Finanstilsynet utfører i medhald av inkassolova § 5.
Spørsmål om skjemaet?
Send e-post til post@finanstilsynet.no
