Ut i frå verksemda sitt omfang og risiko, skal finansføretak til ei kvar tid ha oversikt over føretaket si risikoeksponering og ha ansvarleg kapital som er forsvarleg. Med jamne mellomrom, og minimum årleg, skal føretaket utarbeide ei samla vurdering av risiko og kapitalbehov (ICAAP/ILAAP). Frå og med 2021 skal føretaka årleg sende over ICAAP/ILAAP til Finanstilsynet.

Dette skjemaet, med tilhøyrane vedlegg, skal nyttast for årleg oversending av ICAAP/ILAAP og vedlegg 1 i rundskriv 3/2022.

Ein ber føretaket ta kontakt med Finanstilsynet ved andre skriv enn ordinær oversending av ICAAP. Finanstilsynet gjennomfører også ei regelmessig vurdering av føretaka sine risiko- og kapitalbehov (SREP) som beskrive i rundskriv 3/2022.

Start teneste

Om denne tenesta

Årleg rapportering.

Forretningsbankar, sparebankar, holdingselskap i finanskonsern, finansieringsføretak.

For å fylle ut skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil, roller og rett. Om du ikkje har desse rollene, må du få dei delegert til deg frå nokon som har.

ICAAP/ILAAP og relevante vedlegg, jf. Rundskriv 3/2022.

Følgende personer kan kontaktes ved spørsmål om utfylling av KRT-1172 Icaap/Ilaap:

Unni Persson Moseby, Tlf.: 22 93 99 74, upm@finanstilsynet.no

Åpne kontaktskjema