Notifikasjon til Finanstilsynet etter avgjerd om utsett offentleggjering (KRT-1801)
Utferdarar skal nytte dette skjemaet ved underretting om ei utsetjing av offentleggjeringa av innsideinformasjon der Finanstilsynet er utpeika som vedkommande styresmakt (jf. Markedsmisbruksforordningen artikkel 17 nr. 4). Bestemmelsen, og bruk av skjema, gjeld tilsvarande for deltakarar på utsleppskvotemarknaden.
Skjemaet er tilgjengeleg for brukarar utan norsk fødselsnummer eller D-nummer (nivå 0). Sjå meir under Kven skal bruke skjemaet.
Når skal skjemaet brukast?
Skjemaet skal sendast til Finanstilsynet umiddelbart etter at utferdaren har offentleggjort innside informasjon der offentliggjering har vore utsett, jf. Markedsmisbruksforordninga § 17 nr. 4.
Kven skal bruke skjemaet?
Skjema kan nyttast av utferdar /personen som sender notifikasjonen til Finanstilsynet på vegner av utferdar (eller deltakar på utsleppskvotemarknaden).
For å fylla ut og senda inn dette skjemaet treng du tilgangspakken Regnskap og økonomirapportering eller Dokumentbasert Tilsyn.
Du kan sjå kva tilgangar du har på sidan for tilgangsstyring. Om du ikkje har tilgang, må du få nokon med rettar til å delegera det til deg.
Om du ikkje har norsk fødselsnummer eller D-nummer kan du logga inn med eigendefinert ID (nivå0).
For å logga inn på nivå0 må du først oppretta ein ny eigendefinert bruker via skjemaet KRT-3080 (blir gjord ein gong):
Dette gjer du ved å velja Logg inn -> International -> Email Log in og lag ein ny altinn bruker
Deretter blir denne e-post nytta adressa til å logga på KRT-1801 ved å velja Logg inn -> International -> Email Log in og nytta den e-posten adressa du akkurat har laga
Meir om skjemaet
Meir informasjon om skjemaet finn du på våre internettsider.
Relevant regelverk
Markedsmisbruksforordninga (EU) § 17 nr. 4.
