Nøkkeltall, Pensjonskasser – Ikkje konsolidert (KRT-1047)
Rapportering av nøkkeltal til Finanstilsynet. Vedlagt dette skjemaet skal det vere eit utfylt Excelark med nøkkeltal.
Når skal skjemaet brukast?
Halvårleg innlevering
Innleveringsfrister:
1. halvår: 30. juli
Heile året: 30. januar
Kven skal bruke skjemaet?
Alle pensjonskasser med forvaltningskapital over 1 mrd. kroner er pliktige til å rapportere nøkkeltal til Finanstilsynet kvart halvår
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du tilgangspakka Regnskap og økonomirapportering.
Du kan sjå kva tilgangar du har på sida for tilgangsstyring. Om du ikkje har tilgang, må du få nokon med rettar til å delegera det til deg.
Kva skal eg leggje ved?
Skjemaet skal ha eitt vedlegg, excelarket med nøkkeltal.
Korrekt versjon av Excelarket finn du i celle A2 i arkfanen Forside
