Løyve til å drive inkassoverksemd

For å kunne drive eit føretak som driv med inkassoverksemd i Noreg vert det stilt krav til løyve.

Søknad om personleg løyve gjer ein via tenesta Søknad om personleg konsesjon for rekneskapsførar-, revisor-, eigedomsmekling- og inkassoområdet (KRT-1019)

Søknad om selskapsløyve gjer ein via tenesta Søknad om foretaksbevilling for eiendomsmegling, fremmedinkasso eller oppkjøpsinkasso (KRT-1063)

Om denne tenesta

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknad om personleg inkassoløyve:

  • Søkjar må leggje fram politiattest som ikkje er gamlare enn tre månader.
  • Praksis med å drive inn pengekrav skal dokumenterast med attest frå arbeidsgivarar som viser at søkjaren har tilstrekkeleg lang erfaring, og at arbeidet har gjeve trening i heile prosessen med å drive inn pengekrav.

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknad om løyve for selskap som driv inn forfalne pengekrav for andre:

  • Firmaattest frå Føretaksregisteret.
  • Forretningsplanen til føretaket (første driftsår for verksemda).
  • Budsjett for første driftsår per månad.
  • Talet på tilsette ved oppstart, og talet på planlagde tilsetjingar første driftsår.
  • Opplysningar om kva type krav føretaket planlegg å drive inn.
  • Erklæring frå revisor om positiv eigenkapital.
  • (Selskap som på tidspunktet for søknaden er under tilsyn av Finanstilsynet, treng ikkje å dokumentere dette. For nystifta selskap (nyare enn to månader) er det tilstrekkeleg at det går fram av firmaattesten at aksjekapitalen er betald inn).
  • Sikkerheitsstilling i samsvar med inkassolova § 29.
  • Framlegging  av politiattest for faktisk leiar, dagleg leiar og styremedlemer.
  • Opplysningar om aksjonærar. Det skal opplysast ned på personnivå kven som er aksjonærar med betydelig eigardel. Det vil seie eigardel på minst 10 %.
  • Erklæring frå faktisk leiar om at vedkomande tek på seg ansvaret for inkassoverksemda.
  • Faktisk leiar skal stadfeste å ha lest og gjort seg kjend med plikter og ansvar til faktisk leiar i Finanstilsynets rundskriv 9/2012.
  • Stadfesting frå styret til føretaket at eigenkapitalen er vurdert som forsvarleg. Vurderinga skal grunngjevast.


Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknad om løyve for selskap som driv oppkjøp av forfalne pengekrav, og eigen inndriving av desse:

  • Firmaattest frå Føretaksregisteret.
  • Forretningsplanen til føretaket (første driftsår til verksemda).
  • Budsjett for første driftsår per månad.
  • Talet på tilsette ved oppstart, og talet på planlagde tilsetjingar første driftsår.
  • Framlegging av politiattest for faktisk leiar, dagleg leiar og styremedlemer.
  • Opplysningar om aksjonærar. Det skal opplysast ned på personnivå kven som er aksjonærar med betydelig eigardel. Det vil seie eigardel på minst 10 %.
  • Faktisk leiar må fylle ut et dugleiksskjema som skal vere vedlagt søknaden. Her må det ein godtgjere at faktisk leiar har heiderleg vandel.
  • Erklæring frå faktisk leiar om at vedkomande tek på seg ansvaret for inkassoverksemda.
  • Faktisk leiar skal stadfeste å ha lest og gjort seg kjend med plikter og ansvar til faktisk leiar i Finanstilsynets rundskriv 9/2012.

Inkassolova regulerer tre ulike løyver. Alle løyva har heimel i inkassolova § 5.

Dei tre løyva er:

Løyve for selskap som driv inn forfalne pengekrav for andre.

Løyve for selskap som driv oppkjøp av forfalne pengekrav, og eigen inndriving av desse.

Personleg inkassoløyve.


Det er ikkje høve til både å drive inn forfalne pengekrav for andre og oppkjøp og eigen inndriving av forfalne pengekrav i same føretak, ifølgje inkassolova § 4 annet ledd.  Finanstilsynet anbefaler at det går fram av formålet i vedtektene kva for  verksemd selskapet skal drive med.

Kriterium/vilkår:

Kriterium/vilkår for personleg inkassoløyve:

Det er krav om at søkjar har heiderleg vandel.
Det er krav om at søkjar må vere skikka til å vere faktisk leiar for inkassoverksemd.
Det er krav om at søkjaren må ha minst tre år med praktisk erfaring frå inndriving av pengekrav i løpet av dei siste 10 åra.

Kriterium/vilkår for løyve til selskap som driv inn forfalne pengekrav for andre:

Det er krav til registrering i Føretaksregisteret før løyve blir gjeve.
Det er krav til fast forretningsstad i EØS.
Det er krav til sikkerheitsstilling.
Det er krav om at faktisk leiar har heiderleg vandel.
Det er krav om at faktisk leiar har personleg inkassoløyve.
Det er krav om at styremedlemer, dagleg leiar og eigar med betydeleg eigardel blir rekna som eigna til å drive føretaket i samsvar med lovar, forskrifter og god inkassoskikk, ifølgje inkassolova § 5 første ledd bokstav b.

Kriterium/vilkår for løyve til selskap som driv oppkjøp av forfalne pengekrav, og eigen inndriving av desse:

Det er krav til registrering i Føretaksregisteret før løyve blir gjeve.
Det er krav til fast forretningsstad i EØS.
Det er krav om at faktisk leiar har heiderleg vandel.
Det er krav om at styremedlemer, dagleg leiar, faktisk leiar og eigar med betydeleg eigardel blir rekna som eigna til å drive føretaket i samsvar med lovar, forskrifter og god inkassoskikk, ifølgje inkassolova § 5 første ledd bokstav b.


Meir informasjon om ordninga finn ein på Finanstilsynet sin nettstad.

Merknader:

Inkassoføretak kan ikkje drive med både framandinkasso og oppkjøpsinkasso, ifølgje Inkassolova § 3 andre ledd første punktum.

Det blir kravd kr 4688,- i saksbehandlingsgebyr, ifølgje inkassoforskrifta § 5-1 og inkassolova § 5.

For søknad om inkassoløyve etter inkassolova § 5 er saksbehandlingsfristen tre månader, jf. inkassoforskrifta § 5-2 første ledd. Tenestelova § 11 andre ledd om at løyve blir rekna som gitt når saksbehandlingsfristen er ute, gjeld ikkje for søknad om inkassoløyve, ifølgje inkassoforskrifta § 5-2 anna ledd.

Vedtak om innvilga inkassoløyve kan klagast på innan tre veker etter at vedtaket er motteke. Klage blir send til Finanstilsynet. Klageinstans er Klagenemnd for revisor-, regnskapsfører- og inkassosaker.

Kontaktinformasjon

Finanstilsynet
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo

E-post: post@finanstilsynet.no
Telefon: 22 93 98 00.

Besøksadresse: Revierstredet 3, 0151 Oslo

Åpne kontaktskjema