Verksemder som skal drive eigedomsmekling mot godtgjersle treng løyve frå Finanstilsynet. Her finn du informasjon om søknaden og krav som vert stilte for å kunne få slikt løyve.
Søknad om personleg løyve gjer ein via tenesta Søknad om personlig konsesjon for regnskapsfører-, revisor-, eiendomsmegling- og inkassoområdet (KRT-1019)
Søknad om føretaksløyve gjer ein via tenesta Søknad om foretaksbevilling for eiendomsmegling, fremmedinkasso eller oppkjøpsinkasso (KRT-1063)
Følgjande dokumentasjon skal vere lagd ved søknaden:
- budsjett for første driftsår per månad
- talet på tilsette ved oppstart, og talet på planlagde tilsetjingar første driftsår
- opplysningar om kva type eigedom føretaket planlegg å formidle
Andre krav til søknaden:
LOV 2007-06-29 nr 73: Lov om eiendomsmegling § 2-3, jf. § 2-1.
Kriterium/vilkår:
Det blir stilt krav til registrering i Føretaksregisteret før løyve blir gitt.
Føretaket sine styremedlemmer og dagleg leiar skal ha relevante kvalifikasjonar og yrkeserfaring. Fagansvarleg må ha eigedomsmeklarbrev, advokatbevilling eller særskild løyve for juristar.
Krav til at føretaket har fast kontorstad i Noreg, men Finanstilsynet kan i enkeltvedtak gjere unntak frå kravet.
Lov om eiendomsmegling §§ 2-4 til 2-9 stiller krav til føretaksform, eigenkapital og tryggleiksstilling. Vidare stiller dei krav om tilslutnad til klagenemnd samt ønskjelege eigenskapar for viktige eigarar, styremedlemmer, dagleg leiar og fagansvarleg.
Føretak som driv eigedomsmekling kan berre drive verksemd som har ein naturleg samanheng med eigedomsmekling, og som ikkje er eigna til å til å svekkje tilliten til føretaket sin integritet og sjølvstende.
Tilsette og personar med tilsvarande tilknyting til føretaket som driv eigedomsmekling, i tillegg til eigarar og tillitsvalde i slike føretak kan normalt deltek i den daglege drifta kan ikkje:
- Selje eigedom gjennom den aktuelle verksemda.
- Drive direkte eller indirekte drive handel med fast eigedom.
- Drive anna verksemd som er eigna til å svekkje tilliten til føretaket sin integritet og sjølvstende.
Meir informasjon om ordninga finn du på Finanstilsynet sin nettstad.
Saksbehandlingstid:
I medhald av eigedomsmeklingslova § 2-3 fjerde ledd er det fastsett særskilde saksbehandlingsreglar for søknad om løyve til å drive eigedomsmekling. Frist for behandling av søknader er fastsett til tre månader. Reglane i tenestelova om at løyve blir rekna som gitt når saksbehandlingsfristen er ute, gjeld ikkje for søknad om løyve til å drive eigedomsmekling.
Gebyr :
Nei, Finanstilsynet krev ikkje gebyr for slik søknad.
Klagerett:
Vedtaket kan klagast på innan tre veker etter at vedtaket er motteke. Klage blir send til Finanstilsynet. Klageinstans er Finansdepartementet. Ein part har rett til å gjera seg kjend med dokumenta i saka innanfor rammene av forvaltningslova §§ 18 til 19
Finanstilsynet
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
E-post: post@finanstilsynet.no
Telefon: 22 93 98 00.
Besøksadresse: Revierstredet 3, 0151 Oslo