Om denne tenesta

Fondsinformasjon til kvartalsoppgåva for forvaltningsselskap for verdipapirfond (KRT-1011) skal fyllast ut og sendast til Finanstilsynet
seinast 30 dagar etter utløpet av kvart kvartal.

Innleveringsfrist:
1. kvartal: 30. april
2. kvartal: 30. juli
3. kvartal: 30. oktober
4. kvartal: 30. januar

I tillegg skal årsrekneskap, årsberetning og revisjonsberetning for forvaltningsselskapet og fonda sendast til Finanstilsynet når dette føreligg.

Rapporteringsplikta gjeld for forvaltningsselskap for verdipapirfond med tillatelse gitt av norske styresmakter til å forvalte verdipapirfond i Noreg.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Skjemaet har eitt vedlegg for kvart verdipapirfond.

Kvartalsoppgåva gjev Finanstilsynet ei oversikt over omfanget av verksemda til føretaka og deira økonomiske utvikling siste kvartal. I skjema KRT-1009 førast opplysningar om forvaltningsselskapet. I skjema KRT-1011 førast opplysningar om kvart fond forvaltningsselskapet forvaltar.

Redusere rapporteringsbyrde

Med sikte på å redusere rapporteringsbyrden til føretaka, kan opplysningar som blir gitt i dette skjema i samhold av lov om Oppgaveregisteret §§ 5 og 6, heilt eller delvis bli nytta også av andre offentlege organ som har heimel til å hente inn dei same opplysningane. Opplysningar om evt. samordning kan fåast ved å kontakte Oppgaveregisteret på telefon 75 00 75 00, eller hos Finanstilsynet på telefon 22 93 98 00.

Spørsmål om skjemaet?

Ved spørsmål om skjemaet, kontakt
Jon Ole Garpestad, jon.ole.garpestad@finanstilsynet.no, tlf 22939760

Åpne kontaktskjema