Revisjonsselskapa skal årleg rapportere informasjon om revisjon av kvar enkel revisjonsoppgåve definert som føretak av allemenn interesse. Føremålet med rapporteringa er innhenting av informasjon og statistikk om korleis desse føretaka er revidert. Rapporteringa vil og bli nytta til kontroll av overhalding av enkelte lovkrav.

Start teneste

Om denne tenesta

Årleg rapportering.

Rapportering opnar 2. mai, og har frist 15.august.

Revisjonsselskapet mottek ei liste med dei revisjonsoppgåvene revisjonsselskapet hadde per 31.12. førre år, som er definert som føretak av allmenn interesse. I tillegg skal liste over alle selskap registert med «konsesjon» som utstedarføretak utland oversendast.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar, Dagleg leiar, Styremedlem, Ansvarleg revisor eller Avgrensa signeringsrett.

Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har desse rollane, må du få nokon som har dei til å delegere dei til deg.

Ingen vedlegg.

Føretak som skal rapportere mange revisjonsoppgåver kan bruke «Lag kopi», dvs. etter at første skjema er sendt inn kan ein gå til Arkiv i Altinn, hente opp innsendt skjema og velje Lag kopi. Skjemaet blir korrigert for opplysningar om ny oppgåve og blir sendt inn.

Følgjande personar kan bli kontakta ved spørsmål om utfylling av KRT-1188 Informasjon om revisjon av føretak av allemenn interesse:

Espen Jacobsen, Tlf.: 22 93 98 25, 913 07 963, esj@finanstilsynet.no

Åpne kontaktskjema