For å kunne drive eit revisjonsselskap i Noreg vert det stilt krav til at selskapet er godkjent av Finanstilsynet. Skjemaet skal brukast av selskap (ikkje enkeltpersonføretak) som skal starta opp godkjenningspliktig revisjonsverksemd. Søknad om godkjenning gjer ein via tenesta Søknad om godkjenning som revisjonsselskap (KRT-1062)
Skjemaet skal brukast av selskap som kan dokumentere at vilkåra for godkjenning som revisjonsselskap er oppfylte.
Ingen vedlegg er naudsynte.
Kriterium/vilkår:
For å søkje om personleg godkjenning som statsautorisert revisor, må søknadsskjemaet KRT-1019 nyttast.
Det gjeld krav til verksemda etter at godkjenning eventuelt blir tildelt. Mellom anna blir det stilt krav til at selskapet må utnemne ein kvalitetsstyringsansvarleg som har personleg konsesjon som statsautorisert revisor. Selskapet skal òg peike ut ein statsautorisert revisor som ansvarleg for kvart rekneskapsoppdrag. Det vert vist til informasjon på Finanstilsynet sin nettstad under fanen "Tillatelser", vel tilsynsområde Revisjonsselskap (berre på norsk).
Det gjeld særskild rett for revisjonsselskap frå andre EU/EØS-land til å drive verksemd i Noreg. Selskapet må utpeike oppdragsansvarleg revisor som har norsk revisorgodkjenning, og selskapet må sørgje for registrering i Revisorregisteret hos Finanstilsynet. KRT-1062 skal ikkje nyttast for slik rett. Søknad sendast til adressa post@finanstilsynet.no. Søknaden må dokumentere at selskapet er godkjent og registrert i eit offentleg revisorregister i heimlandet.
Gebyr:
Det krevst ikkje behandlingsgebyr. Revisjonsføretak må likevel betale årleg tilsynsavgift etter at godkjenning er tildelt. Det vert vist til informasjon på Finanstilsynet sin nettstad om tilsynsavgift.
Saksbehandlingstid:
Finanstilsynet har som mål å handsame søknader om konsesjon innan 30 dagar. Det kan ta lengre tid dersom søknaden er kompleks eller manglar dokumentasjon. Handsamingstida kan òg bli lengre dersom det er mange saker til handsaming. Enkelte kan derfor oppleve lengre handsamingstid enn 30 dagar.
Klagerett:
Finanstilsynets vedtak kan klagast på innan tre veker etter at vedtaksbrevet er motteke. Klagen sendast til Finanstilsynet. Klageinstansen er Klagenemnda for revisor-, rekneskapsførar- og inkassosaker. Søkjaren har rett til å gjere seg kjend med sakas dokument innanfor rammene av forvaltningslova §§ 18 til 19. Klaga må nemne kva for eit vedtak det vert klaga over, kva for endring som ønskast og dei grunnane klaga støttar seg til. Finanstilsynet gjer dei undersøkingane som klaga gjev grunn til, og oversende klaga til klageinstansen dersom avslaget vert oppretthalde, jf. forvaltningslova § 33.
Finanstilsynet
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
E-post: post@finanstilsynet.no
Telefon 22 93 98 00.
Besøksadresse: Revierstredet 3, 0151 Oslo