Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Finanstilsynet
  4. Generelt vedleggsskjema til Finanstilsynet (KRT-1060)

Generelt vedleggsskjema til Finanstilsynet (KRT-1060)

Tilsynseinigane skal sende vedlegg til Finanstilsynet på ein sikker måte ved å bruke dette skjemaet. Data sendast inn som vedlegg, og eitt eller fleire vedlegg er påkrevd for dette skjemaet.

Både føretak og personar skal bruke skjemaet.

Filstorleik og avgrensa bruk:
Det er berre mogleg å sende inn 190 vedlegg per skjema.
- Kvart vedlegg har ein maksimal storleik på 190 megabyte
- Merk at løysninga ikkje kan motta "Zip inside Zip"
- Alle multimediefiler må sendast inn i zip-format

Filformat:
- Du kan sende informasjon i ODF-kompatible opne filformat: MS Office. Open Office o.l.
- Me ber om at du leverer originalfiler som MS Word, Excel, PowerPoint eller tilsvarande i ope filformat
- Aksepterte filtypar: pdf, xls, xlsx, doc, docx, rtf, jpg, jpeg, txt, pptx, ppt, zip

For meir informasjon sjå Finanstilsynets nettsider.

Skjemaet er tilgjengeleg for brukarar utan norsk fødselsnummer eller D-nummer (nivå 0). Sjå meir under Kven skal bruke skjemaet.

Når skal skjemaet nyttast?

Skjemaet skal nyttast til sikker innsending av informasjon til Finanstilsynet.

Kven skal bruke skjemaet?

Skjemaet er opent og kan nyttast av alle (personar eller føretak) som skal sende inn informasjon til Finanstilsynet. 

For å nytta dette skjemaet treng du tilgangspakken Regnskap og Økonomirapportering eller Dokumentbasert Tilsyn om du er næringsdrivande.  For privatpersonar gjeld tilgangspakken Bank og Finans og/eller Selvregistrert brukar.

Om du ikkje har norsk fødselsnummer eller D-nummer kan du logge inn med eigendefinert ID (nivå0).

For å logga inn på nivå0 må du først oppretta ein eigendefinert bruker via skjemaet KRT-3080

Dette blir gjort ved å velje Logg inn → Gå vidare til International→ Email Login og Lag ny brukar.

Kva skal eg leggje ved?

Skjemaet krev minst eitt vedlegg.