Finansføretakets meldeplikt ved inngåing og opphøyr av avtale om låneformidling (KRT-3010)
Finansføretak som har avtale om formidling av lån med aksessoriske låneformidlarar eller finansagentføretak, må stadfeste dette i melding til Finanstilsynet før desse kan formidle lån på føretakets vegner. Ved opphøyr av avtale om formidling av lån til forbrukarar må finansføretaket gi melding til Finanstilsynet om dette.
Sjå meir informasjon på Finanstilsynets nettsider: https://www.finanstilsynet.no/tema/laneformidling/
Når skal skjemaet brukast?
Skjemaet nyttast ved opphøyr av agentavtale eller som stadfesting om ny agentavtale.
Kven skal bruke skjemaet?
For å fylla ut og senda inn dette skjemaet treng du tilgangspakken 'Starte, endre og avvikle virksomhet.
Du kan sjå kva tilgangar du har på sida for tilgangsstyring. Om du ikkje har tilgang, må du få nokon med rettar til å delegera det til deg.
Kva skal eg leggje ved?
Det er ingen krav til vedlegg.
