For å drive investeringsverksemd i Noreg krevst konsesjon som verdipapirføretak. Konsesjon kan givast til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap.
Alle aksjeselskap og allmennaksjeselskap som skal drive investeringstenesteverksemd i Noreg.
Det er utarbeidd ei eiga rettleiing som beskriv kva søknaden skal innehalde:
Finanstilsynet - veiledning til søknad om tillatelse til å yte investeringstjenester
Formålet med krav til konsesjon er å leggje til rette for sikker, ordna og effektiv handel i finansielle instrument. Verdipapirføretak må tilfredsstille dei lovkrava som kjem fram av verdipapirhandelslova del 3, kapittel 9 og 10.
Løyve føreset mellom anna at verdipapirføretaket skal ha ein startkapital som i norske kroner svarer til minst 730 000 euro. For føretak som berre skal yte enkelte investeringstenester, kan Finanstilsynet gi løyve til ein lågare startkapital. Vidare må verdipapirføretakets daglege/faktiske leiing, styremedlemmer og aksjonærar med stor eigardel reknast eigna.
Eit verdipapirføretak som ønskjer å drive grensekryssande verksemd eller etablere filial i annan EØS-stat, må sende melding om dette til Finanstilsynet.
Avgjørelse av søknad om løyve til å drive verdipapirføretak skal kunngjerast søkjaren innan seks månader etter at fullstendig søknad er motteken.
Søker har klagetilgang etter forvaltningslova § 28