Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Finanstilsynet
  4. Dokumentbasert tilsyn - Eigenmelding frå revisor

Dokumentbasert tilsyn - Eigenmelding frå revisor (KRT-1002)

Når skal skjemaet brukast?

Kvart tredje år.

Innleveringsfrist 2017

16. oktober 2017

Kven skal bruke skjemaet?

Alle ansvarlege revisorar etter revisorloven § 3-7.

Ingen.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Å hente inn informasjon om godkjende revisjonsselskap/revisorar lagt under tilsyn for å skaffe grunnlag for vurdering av etterleving av regelverk, statistiske føremål mv.

Meir om skjemaet

Finanstilsynet skal etter finanstilsynslova § 3 sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på ein formålstenleg og trygg måte. Som eit ledd i dette tilsynsarbeidet gjennomfører Finanstilsynet dokumentbasert tilsyn overfor dei revisorane og revisjonsselskapa som er oppførte i revisorregisteret. Denne tilsynsforma er heimla i finanstilsynslova § 4 første ledd nr. 3.

Finanstilsynet har etter § 7 i finanstilsynslova teieplikt om alle opplysningar som vil gå fram av dokumentbasert tilsyn. Ved tilsyn på staden vil Finanstilsynet nytte motteken informasjon frå dokumentbasert tilsyn som del av kontrollgrunnlaget.