Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Finanstilsynet
  4. CSDR Internoppgjør (KRT-1050)

CSDR Internoppgjør (KRT-1050)

Føretak som internaliserer verdipapiroppgjør, skal rapportere samla omfang og verdi til sine tilsynsmyndigheter kvart kvartal. Dette følgjer av artikkel 9 i det felleseuropeiske regelverket Central Securities Depository Regulation (CSDR) som er inkorporert i norsk rett gjennom verdipapirsentralloven § 1-1.

Når skal skjemaet brukast?

Dette er ei kvartalsvis rapportering med rapporteringsfrist innan 10. virkedag i den etterfølgjande månaden.

Kven skal bruke skjemaet?

Rapporteringskravet gjeld føretak som internaliserer verdipapiroppgjør. Dette vil typisk vera verdipapirføretak, oppgjøragenter, forvaltere og liknande.

For å fylla ut og senda inn dette skjemaet treng du tilgangspakken Regnskap og økonomirapportering, Dokumentbasert Tilsyn eller Bank og finans..

Du kan sjå kva tilgangar du har på sida for tilgangsstyring. Om du ikkje har tilgang, må du få nokon med rettar til å delegera det til deg.

Kva skal eg leggje ved?

Innhaldet i rapporten er beskriven nærare i teknisk reguleringsstandard 2017/391 og teknisk gjennomføringsstandard 2017/393

Data blir leverte som eit XML-vedlegg til skjema i Altinn. Sjå for øvrig Finanstilsynets nettsider.