Det krevst løyve for å reparere elektromedisinsk utstyr. Her finn du informasjon om søknaden og krav som vert stilte for å få slikt løyve.
Finn skjemaet på dsb.noUtdanning og praksis må dokumenterast.
Kriterium/vilkår:
Følgjande kriterium/vilkår blir til søkjar:
Det er krav om formell fagutdanning som dataelektronikar med elektronikk, mastergrad elektronikk (teknisk høgskole eller universitet), bachelorgrad elektronikk (ingeniørhøgskole), eksamen frå toårig teknisk fagskole innan elektronikk eller utdanning som gir tilsvarande kompetanse.
Utdanninga skal ha ein fagkombinasjon som gjev relevant elektrokompetanse i forhold til å skulle reparere elektromedisinsk utstyr.
For alle typar utdanning er det krav om at søkjar skal kunne dokumentere tre års relevant teknisk og administrativ praksis i reparasjon av elektromedisinsk utstyr, ved sjukehus eller produsent av elektromedisinsk utstyr.
For å oppnå tre års praksis må vedkommande få rettleiing frå nokon som har samtykke, og det må liggje føre ein teoretisk og praktisk opplæringsplan.
Opplæringsplanen må minst ha følgjande innhald:
Forventa kompetanse etter enda opplæring.
Læreplan som skildrar både teoretisk og praktisk opplæring.
Skildring av læremateriell til teoridel.
Skildring av praktisk opplæring.
Skildring av evalueringssystem.
Læreplanen må minst ha følgjande innhald:
Skildring av lovar, forskrifter og normer som regulerer området.
Anatomi og fysiologi.
Reparasjon av elektromedisinsk utstyr.
Måleteknikk for elektromedisinsk utstyr.
Hygiene.
Praksisen skal vere opparbeidd etter enda utdanning.
Saksbehandlingsfristar:
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap skal stadfeste mottak av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og informere om eventuelle manglande dokument eller feil ved søknaden.
DSB skal ha avslutta behandlinga av søknaden innan tre månader etter at søknaden var komplett
Gebyr:
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap krev ikkje gebyr for behandling av søknad om godkjenning.
Klage på vedtak:
Når Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klage på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Postboks 2014,
3103 Tønsberg
E-post: postmottak@dsb.no
Telefon: 33 41 25 00
Besøksadresse: Rambergveien 9, 3115 Tønsberg