Om denne tenesta

Dersom ei verksemd som omsetjar ei vare er kjend med, eller blir gjort kjend med, at eit produkt dei har gjort tilgjengeleg i marknaden kan utgjere ein uakseptabel risiko for helseskade på ein forbruker, skal det meldast til DSB. Planlagde og iverksatte tiltak skal også meldast.

Meldinga skal sendast med ein gong og seinast innan 10 dagar. Ved alvorleg risiko for helseskade og/eller miljøskipling, der kor det er naudsynt med omgåande åtgjerd, skal ein melda frå omgåande og seinast innan 3 dagar.

Som døme på ein alvorleg risiko for helseskade, kan ein seie produkt som fører til kveling, eller fare for langvarig eller varig helseskade.  

Verksemd i Noreg skal levere meldinga, dette kan være importør, distributør, produsent, eller forhandlar av produkt. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) er mottakar av meldinga.

Produsent, importør og distributør/omsetjar har alle ei sjølvstendig plikt om å melde frå til kontroll styresmaktene om farlege produkt. 

I praksis vil det ofte være omsetjaren som får røynsle om det farlege produktet gjennom kundane.  Viss omsetjar er i uvisse om risikoen, eller manglar tilstrekkeleg informasjon, må han setje seg i samband med produsent eller importør av det aktuelle produkt.

Den som meldar frå til kontrollstyresmaktene bør melde frå til dei andre verksemdene som har noko med produktet å gjere. 

Spørsmål kan rettes til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap:
Telefon: 33 41 25 00 / E-post: skjemasupport@dsb.no

Åpne kontaktskjema