Meldeplikta gjeld dersom ei forbrukarteneste utgjer ein betydeleg og omfattande risiko for helseskade. DSB ønskjer oversikt over alvorlege ulukker og dødsfall ved forbrukartenester der desse skuldast forhold ved forbrukartenesta og ulukka kunne vore unngått ved risikoreduserande tiltak som med rimelegheit kan krevjast.
Kravet om meldeplikt har til føremål å gi tilsynsstyresmaktene ein betre oversikt over farlege forbrukartenester som er på marknaden. Samstundes får tilsynsstyresmaktene høve til å vurdere om tiltaka som er eller blir sett i verk vurdert av verksemdene er tilstrekkeleg for å førebyggje helseskade.

Start teneste

Om denne tenesta

Dersom eigar eller leiar av ei verksemd som tilbyr ei forbrukarteneste, er, eller blir gjort kjend med at forbrukartenesta kan utgjere ein uakseptabel og betydelig risiko for helseskade på forbrukar, skal det meldast til DSB på skjema.
Meldinga skal sendast snarast, og seinast innan 10 dagar. Ved alvorlig risiko for helseskade og/eller der strakstiltak er nødvendige, skal melding gis med det same, og seinast innan 3 dagar.
Som eksempel på ein alvorleg risiko for helseskade kan nevast fråverande eller mangelfulle risikovurderingar som er lagt til grunn i tenesta, dersom tenesta har fleire helseskader enn akseptabelt eller det føreligg manglar i ein standard (eller bransjenorm) som vert nytta i utøvinga av tenesta.

Eigar eller leiar av verksemd i Norge skal levere meldinga.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er mottakar av meldinga.

Eigar eller leiar av ei verksemd som tilbyr forbrukarteneste, og som veit eller burde vite at denne utgjer ein uakseptabel og betydeleg risiko for helseskade, har ei sjølvstendig plikt til å melde frå til tilsynsstyresmakta om dette. Er du i tvil, meld heller frå ein gong for mykje enn ein gong for lite.
"Veileder i risikoanalyse for risikofylte forbrukertjenester", eller andre metodar kan brukast som verktøy for å vurdere risikoen.
Det er særs viktig for DSB sitt førebyggjande arbeid at meldeplikta blir følgd opp dersom det skjer alvorlege uhell og dødsfall som kan ha tilknyting til tryggleiken i tenesta, eller produkt i tenesta.

Spørsmål kan rettes til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap:
Telefon: 33 41 25 00 / E-post: skjemasupport@dsb.no

Åpne kontaktskjema