Innmeldingsløysinga samlar inn viktig informasjon frå statsforvaltartilsyn og korleis den kommunale beredskapsplikta blir følgd opp hos kommunane. Statsforvaltartilsyn med den kommunale beredskapsplikta er heimla i lov (lova om sivilvern § 29 og forskrifta om kommunal beredskapsplikt § 10).
Start tenesteSkjemaet skal nyttast når statsforvaltaren har sendt endeleg tilsynsrapport til kommunen Informasjon frå det gjennomførte tilsynet med kommunal beredskapsplikt eller felles tilsyn med helseberedskapen skal førast inn i skjemaet etter struktur og nærmare rettleiing.
Skjemaet skal fyllast ut av tilsynsgruppa til statsforvaltaren.
Skjemaet skal nyttast for å gi DSB oversikt over tilsynsverksemda til statsforvaltaren og korleis kommunane etterlever den kommunale beredskapsplikta. DSB bruker informasjonen m.a. i styring av statsforvaltaren, utvikling av rettleiingsmateriell og rapportering til Justis- og beredskapsdepartementet.
Kontakt Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
E-post: postmottak@dsb.no
Telefon: 33 41 25 00