Ei forbrukarteneste er ein organisert fritidsaktivitet du som privatperson kan delta på.
Dei som arrangerer fritidsaktivitetar, har ansvaret for tryggleiken din.
Ansvaret gjeld på tilrettelagde område som til dømes i aktivitetsparkar, dykkarkurs, alpint, kajakkturar, rafting og andre aktivitetar for privatpersonar. Ansvaret gjeld både kommersielle aktørar og frivillige klubbar eller lag, og uavhengig av om du betaler for å vere med.
Arrangøren må ha vurdert risikoen ved tenesta.
Dersom du har opplevd uønskte, ev. farlege hendingar som går på tryggleiken ved forbrukartenester, ber vi deg om å informere oss om dette ved å fylle ut dette elektroniske skjemaet.
Dersom du har opplevd at ein arrangør ikkje tek ansvaret sitt på alvor, eller at ein aktivitet er direkte farleg.
Innsendinga di vil bli brukt i det førebyggjande arbeidet til DSB.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Email: postmottak@dsb.no
Telefon: 33412500