Digitalt dødsbu
Digitalt dødsbu gir arvingar rettleiing og oversikt over registrerte oppslysningar om formue og gjeld til den avdøde. Opplysningane blir brukte til å ta eit informert val om skifteform.
Førebels er det berre utvalde tingrettar som opprettar digitale dødsbu og gir arvingane tilgang. Desse arvingane blir varsla på SMS og e-post og får lenkje til tenesta i si Altinn-innboks.
Kven kan bruke tenesta?
Digitalt dødsbu krev at du har formuesfullmakt og/eller skifteattest, og at tingretten har gitt deg tilgang.
Kvar finn eg tenesta?
Dei som har fått tilgang, vil finne ei melding med lenkje til Digitalt dødsbu i si Altinn-innboks.
Kan fleire arvingar få tilgang?
Ja, alle arvingar som får tilgang frå tingretten kan logge inn og sjå dei same opplysningane.