Innsending av skjemaet skal skje innan seks månader frå den offentlege støtta blei tildelt.
Skjemaet skal leverast av offentlege støttegivarar.
Offentleg støttegivar må vere godkjent av Nærings- og fiskeridepartementet ved konkurransepolitisk avdeling.
For å fylle ut og sende inn skjemaet i Altinn treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.
Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere ho til deg.
Formålet med skjemaet er at offentleg støttegivar skal kunne registrere opplysningar om støttetildeling til Registeret for offentleg støtte.
Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00