Tenesta blir brukt av jegerar for å betale jegeravgifta og sjå ei oversikt over alle opplysningane som er registrert på han eller ho i Jegerregisteret.

Start teneste

Om denne tenesta

Alle jegerar som er registrerte i den norske basen i Jegerregisteret kan nytte «Mi jegerside».

Jegerar som manglar norsk fødselsnummer kan ikkje nytte tenesta. For utanlandske jegerar har vi laga ei tilsvarande løysing. Då må du logge deg på med jegernummer og fødselsdato. Denne løysinga finst på norsk og engelsk.

På «Mi jegerside» kan du

  • betale jegeravgifta
  • finne jegernummeret ditt
  • skrive ut dokumentasjon på at du er ført inn i Jegerregisteret
  • sjå om du har betalt jegeravgifta for det noverande jaktåret
  • finne kva jakttype du har betalt for
  • sjå om du er registrert lisensjeger og kva rovvilt-artar du kan felle

Jegernummer har du bruk for når du kjøper jaktkort på internett frå ulike tilbydarar.

Dokumentasjonen du skriv ut treng du når du skal ta over eller kjøpe våpen og ammunisjon.

Trenger du hjelp?

Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00

Åpne kontaktskjema