Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Arbeidstilsynet
  4. Utvida overtidsarbeid

Utvida overtidsarbeid

Verksemder som har behov for utvida overtidsarbeid, og ikkje har andre avtaler om dette, kan søke om tillating til dette frå Arbeidstilsynet.

Rettleiing
Når skal skjemaet brukast?

Bruk skjemaet for å søke om utvida overtidsarbeid. De må sende inn søknaden seinast fire veker før de skal starte arbeidet. Arbeidstilsynet kan ikkje gi tillating til arbeid tilbake i tid.

Kven skal bruke skjemaet?

De kan søke om utvida overtid hos Arbeidstilsynet i særlege tilfelle. De kan søke viss de

  • treng utvida rammer for overtid

  • ikkje er tariffbundne

  • ikkje kjem til einigheit med dei tillitsvalde i verksemda. Da treng vi opplysningar om kvifor de ikkje kjem til einigheit og korleis dei tillitsvalde vurderer ordninga

Tilgang til skjemaet

Tilgangspakkar

Sende inn skjema
Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda dykkar, må ha rett fullmakt gjennom ein tilgangspakke i Altinn. For dette skjemaet må personen ha éin av følgande tilgangspakkar:

  • Fullmaktsområde Forhold ved virksometen: «Starte, endre og avvikle virksomhet»

  • Fullmaktsområde Andre tjenesteytende tjenester: «Tjenester NUF»

Motta post
For å få post frå oss må du ha følgjande tilgangspakke:

  • «Ordinær post til virksomheten»

Les meir om dei nye tilgangspakkane i Altinn og korleis de gir fullmakter

Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda kan også ha tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste. Denne enkelttenesta heiter:

  • «Søknad om utvidet overtid»

Les meir om korleis de gir fullmakt til enkelttenester

Spørsmål om tenesta