Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Arbeidstilsynet
  4. Søknad om godkjenning av reinhaldsverksemd

Søknad om godkjenning av reinhaldsverksemd

Alle verksemder som tilbyr reinhaldstenester, skal vere godkjent av Arbeidstilsynet. Det gjeld også dei som leiger ut personar som utfører reinhaldstenester. Det er ulovleg å selje reinhaldstenester utan offentleg godkjenning.

Kven skal bruke skjemaet?

Alle verksemder som heilt eller delvis tilbyr reinhaldstenester i Noreg, skal søke om godkjenning.

Det gjeld også verksemder som leiger ut personar som utfører reinhaldsarbeid til verksemder som tilbyr reinhaldstenester.

Kravet om godkjenning gjeld også for verksemder utan arbeidstakarar som enkeltpersonfortak og ansvarlege selskap (ANS/DA).

Kven skal ikkje søkje om godkjenning?

Verksemder med eigne reinhaldsarbeidarar som berre utfører reinhaldsarbeid internt i eiga verksemd, skal ikkje søke om godkjenning.

Tilgang til søknadsskjemaet

Tilgangspakkar

Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda dykkar, må ha rett fullmakt gjennom ein tilgangspakke i Altinn. For dette skjemaet må personen ha éin av følgande tilgangspakkar:

  • «Starte, endre og avvikle virksomhet» under fullmaktsområdet «Forhold ved virksomheten»

  • «Tjenester NUF» under fullmaktsområdet «Andre tjenesteytende tjenester»

For å få post frå Arbeidstilsynet må de ha følgande tilgangspakke:

  • «Ordinær post til virksomheten»

Les meir om de nye tilgangspakkane i Altinn og korleis de gir fullmakter

Tilgang som enkeltteneste

Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda kan òg ha tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste. Denne enkelttenesta heiter:

  • «Søknad om godkjenning av renholdsvirksomhet»

I tillegg må de gi tilgang til:

  • «Årlig melding for godkjent renholdsvirksomhet» – for å kunne sende ei årleg bekrefting om at de oppfyller krava til godkjenning

  • «Henvendelse fra renholdsvirksomhet» – for å ha tilgang til eit kontaktskjema for denne ordninga

Les meir om korlesi de gir fullmakt til enkelttenester

Kvifor skal skjemaet brukast?

Alle reinhaldsverksemder må ha offentleg godkjenning frå Arbeidstilsynet for å drive lovleg.

Reinhaldsverksemder som søker, vil også bli oppførte i Arbeidstilsynets offentlege reinhaldsregister (arbeidstilsynet.no).

Kravet om godkjenning er gitt i forskrift om offentleg godkjenning av reinhaldsverksemder og om kjøp av renhaldstenester (arbeidstilsynet.no).

Alle som utfører reinhald for reinhaldsverksemder skal også ha HMS-kort frå Arbeidstilsynet. Bestilling av HMS-kort er siste del av godkjenningsprosessen.

Meir om skjemaet

Årleg melding til Arbeidstilsynet for godkjende verksemder

Godkjente reinhaldsverksemder skal kvart år sende melding til Arbeidstilsynet som bekreftar at verksemda framleis oppfyller krava for godkjenning. Frist for innsending er vedtaksdatoen for det aktuelle vedtaket om godkjenning.

Verksemder som er godkjende med tilsette skal kvart tredje år sende dokumentasjon til Arbeidstilsynet som viser at verksemda framleis oppfyller krava for godkjenning.

Du skal ikkje sende årleg melding før du får brev frå Arbeidstilsynet med kva frist som gjeld verksemda di.

Verksemder som ikkje sender inn årleg melding, kan miste godkjenninga.

Les meir om årleg melding (arbeidstilsynet.no)

Oppdagar du feil i skjemaet etter at du har sendt det inn?

Ta kontakt med Arbeidstilsynets svarteneste (sjå nedanfor) eller opprett ein kopi av søknaden, rett opp feilen og send den inn på nytt.

Rettleiing

Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet.