Arbeidstilsynet kan gi unntak frå kravet i tobakkskadelova om røykfrie arbeidslokalar viss røykinga er ein del av det kunstnariske uttrykket ved sceneshow, teateroppsettingar og film-, tv- eller reklameinnspelingar.

Start teneste

Om denne tenesta

Verksemder som planlegg bruk av sigarettrøyking som ein del av det kunstnariske uttrykket ved sceneshow, teateroppsettingar og film-, tv- eller reklameinnspelingar.

Merk at Arbeidstilsynet berre gir dispensasjon for bruk av e-sigarettar og urtesigarettar utan nikotin.

De må legge ved ein uttale frå arbeidsmiljøutvalet, verneombodet eller ein representant for dei tilsette.

De kan også legge ved annan relevant dokumentasjon som har betydning for søknaden.

Treng du hjelp?

Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet:

Kontakt svartenesta

Meir informasjon:

Arbeidstilsynets nettsider

Åpne kontaktskjema