Søk om godkjenning av bedriftshelseteneste
Alle verksemder som tilbyr bedriftshelsetenester (BHT), skal vere godkjende av Arbeidstilsynet.
Det er berre verksemder med ei slik godkjenning som lovleg kan tilby bedriftshelsetenester. Ei godkjenning av ei bedriftshelseteneste er som hovudregel gyldig i fem år. Alle verksemder som får godkjenning av Arbeidstilsynet, vil bli oppførte i oversikta over offentleg godkjende bedriftshelsetenester på arbeidstilsynet.no.
Kven skal bruke skjemaet?
Bedriftshelsetenester som ønsker å tilby tenester til verksemder skal vere godkjent av Arbeidstilsynet.
Tilgang til meldingsskjemaet
Tilgangspakkar
Sende inn skjema
Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda dykkar, må ha rett fullmakt gjennom ein tilgangspakke i Altinn. For dette skjemaet må personen ha éin av følgande tilgangspakkar:
Fullmaktsområde Forhold ved virksometen: «Starte, endre og avvikle virksomhet»
Fullmaktsområde Helse, pleie, omsorg og vern: «Helsetjenester»
Motta post
For å få post frå oss må du ha følgjande tilgangspakke:
«Ordinær post til virksomheten»
Les meir om dei nye tilgangspakkane i Altinn og korleis de gir fullmakter
Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda kan også ha tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste. Denne enkelttenesta heiter:
«Søknad om godkjenning av bedriftshelsetjeneste»
Tilgang som enkeltteneste
I tillegg må de gi fullmakt til denne enkelttenesta for å kunne melde frå til Arbeidstilsynet om endringar:
«Endringsmelding til godkjenning av bedriftshelsetjeneste»
Kva skal eg leggje ved?
I søknaden må de legge ved dokumentasjon på
fagkompetanse innan arbeidsmedisin/arbeidshelse
fagkompetanse innan yrkeshygiene
fagkompetanse innan ergonomi
fagkompetanse innan psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø
kompetansen til bedriftshelsetenesta i systematisk HMS-arbeid
systematisk samarbeid med verksemdene
kvalitetssikring av tenestene dykk levrar
plan forkompetanseutvikling
gjennomført obligatorisk opplæring for BHT
personell for alle ansatte
Dere må også vise at det faglege personalet dekker minimum 3 årsverk og at dei enkelte fagområda er dekte med minimum 30 % av eitt årsverk (det faglege personalet må vere fast tilsett).
Les meir om vedlegga og innhaldet i søknaden (arbeidstilsynet.no)