Verksemder som skal bruke biologiske faktorar i arbeidet, skal sende melding om dette til Arbeidstilsynet seinast 30 dagar før arbeidet startar.

Start teneste

Om denne tenesta

Alle verksemder som planlegg aktiv bruk av biologiske faktorar i arbeidet, skal bruke dette skjemaet. Både hovudeiningar og undereiningar i verksemda kan sende inn skjemaet.

Meldeplikta gjeld for første bruk av biologiske faktorar i smitterisikogruppe 2, 3, og 4.

For arbeid med biologiske faktorar i smitteverngruppe 4, skal de også melda frå om kvar ny biologiske faktor de planlegg å arbeide med.

Laboratorium som gjer diagnostisering av biologiske faktorar i smitterisikogruppe 4, skal berre sende ei melding første gong dei skal arbeide med ein slik faktor.

De må også sende inn ei ny melding viss de gjer vesentlege endringar i prosessar eller prosedyrar som er av betydning for helse, miljø og tryggleik, og som gjer at ei tidlegare melding er forelda.

Sjå rettleiing til melding om arbeid med biologiske faktorar

Vedlegg som må leggast ved meldinga:

  • ein eventuell uttale til meldinga frå verneombodet/hovudverneombodet
  • resultatet av risikovurderinga og dei planlagde verne- og tryggingstiltaka

De kan også legge ved annan relevant dokumentasjon.

Meir om vedlegga og innhaldet i meldinga (arbeidstilsynet.no)

Formålet med denne meldeplikta er at Arbeidstilsynet skal kunne vita at:

  • de arbeider med biologiske faktorar
  • de har gjort ei risikovurdering i samband med arbeidet med biologiske faktorar
  • de har planlagt verne- og sikkerheitstiltak for å verne arbeidstakarane

Treng du hjelp?

Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet:

Kontakt svartenesta

Meir informasjon:

Arbeidstilsynets nettsider

Åpne kontaktskjema