Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Arbeidstilsynet
  4. Gjennomsnittsberekning av alminneleg arbeidstid

Gjennomsnittsberekning av alminneleg arbeidstid

Verksemder som skal organisere arbeidstida ved gjennomsnittsberekning av alminneleg arbeidstid og ikkje har andre avtalar om dette, kan søke om tillating til dette frå Arbeidstilsynet.

Rettleiing
Når skal skjemaet brukast?

Bruk skjemaet for å søke om gjennomsnittsberekning av alminneleg arbeidstid. De må sende inn søknaden seinast fire veker før de skal starte arbeidet. Arbeidstilsynet kan ikkje gi tillating til arbeid tilbake i tid.

Viss de sett arbeidstakarane til arbeid etter gjennomsnittsberekning utan å ha lov til det, vil arbeid ut over alminneleg arbeidstid vere overtid. Da har arbeidstakarane krav på overtidsbetaling.

Kven skal bruke skjemaet?

De kan søke om gjennomsnittsberekning hos Arbeidstilsynet viss de

  • treng andre rammer enn det de kan avtale med kvar enkelt arbeidstakar

  • ikkje er tariffbundne

  • ikkje blir einige med dei tillitsvalde i verksemda. Da treng vi opplysningar om kvifor de ikkje vart einige og korleis dei tillitsvalde vurderer ordninga

Tilgang til skjemaet

Tilgangspakkar

Sende inn skjema
Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda dykkar, må ha rett fullmakt gjennom ein tilgangspakke i Altinn. For dette skjemaet må personen ha éin av følgande tilgangspakkar:

  • Fullmaktsområde Forhold ved virksometen: «Starte, endre og avvikle virksomhet»

  • Fullmaktsområde Andre tjenesteytende tjenester: «Tjenester NUF»

Motta post
For å få post frå oss må du ha følgjande tilgangspakke:

  • «Ordinær post til virksomheten»

Les meir om dei nye tilgangspakkane i Altinn og korleis de gir fullmakter

Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda kan også ha tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste. Denne enkelttenesta heiter:

  • «Søknad om gjennomsnittsberekning av alminneleg arbeidstid»

Les meir om korleis de gir fullmakt til enkelttenester