Generell førespurnad for reinhaldsverksemder
Kontaktskjemaet blir nytta for å sende inn førespurnader til Godkjenningsordningen for reinhald.
Når skal skjemaet brukast?
Du kan nytte skjemaet dersom du alt er godkjent, har søknad under handsaming eller har trong for å gi melding til Godkjenningsordninga.
Feilinnsending
Ved feilinnsending kontakt svartenesta eller opprett ein kopi av søknaden, rett opp feil og send inn på nytt.
Kven skal bruke skjemaet?
Innsending på vegne av bedrift/organisasjon.
Tilgang til meldeskjemaet
Tilgangspakkar
Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda dykkar, må ha rett fullmakt gjennom ein tilgangspakke i Altinn. For dette skjemaet må personen ha éin av følgande tilgangspakkar:
«Starte, endre og avvikle virksomhet» under fullmaktsområdet «Forhold ved virksomheten»
«Tjenester NUF» under fullmaktsområdet «Andre tjenesteytende tjenester»
For å få post frå Arbeidstilsynet må de ha følgande tilgangspakke:
«Ordinær post til virksomheten»
Les meir om de nye tilgangspakkane i Altinn og korleis de gir fullmakter
Tilgang som enkeltteneste
Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda kan òg ha tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste. Denne enkelttenesta heiter:
«Henvendelse fra renholdsvirksomhet»
Kva skal eg leggje ved?
Du kan laste opp vedlegg og sende dei inn saman med dette skjemaet.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Meir om skjemaet
Kontaktskjemaet blir brukt for å sende inn førespurnader til Godkjenningsordningen for renhold.