Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Arbeidstilsynet
  4. Førehandsmelding om arbeidsplass der det blir utført mellombels eller skiftande byggje- og anleggsarbeid

Førehandsmelding om arbeidsplass der det blir utført mellombels eller skiftande byggje- og anleggsarbeid

Byggherren skal sørge for at det blir sendt ei førehandsmelding til Arbeidstilsynet om bygge- eller anleggsarbeid dersom arbeidet vil vare utover 15 arbeidsdagar eller den forventa arbeidsmengda overstig 250 dagsverk.

Når skal skjemaet brukast?

Skjemaet skal brukast ved midlertidig eller skiftande bygge- eller anleggsarbeid som vil vare utover 15 arbeidsdagar eller den forventa arbeidsmengda overstig 250 dagsverk.

Dersom bygge- eller anleggsarbeidet er mindre enn dette, skal de ikkje å sende inn ei førehandsmelding.

Frist

Førehandsmeldinga skal sendast til Arbeidstilsynet seinast éi veke før arbeidet startar.

Kven skal bruke skjemaet?

Byggherren skal sende inn førehandsmeldinga.

Dersom byggherren er ein forbrukar skal førehandsmeldinga sendast inn av den verksemda som tar på seg å utføre bygge- eller anleggsarbeidet.

For å sende inn ei førehandsmelding må du representere ei verksemd. Det er ikkje lenger mogleg å sende inn ei førehandsmelding som privatperson (endring frå juni 2026).

Tilgangar til skjemaet i Altinn

Tilgangspakkar

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha éin av følgjnde tilgangspakkar under fullmaktsområdet «Bygg, anlegg og eiendom» i Altinn:

  • «Byggesøknad»

  • «Oppføring av bygg og anlegg»

For å få post frå oss må du ha følgande tilgangspakkar:

«Ordinær post til virksomheten»

Om du ikkje har desse tilgangspakkane, kan du få ein person som er «hovedadministrator» eller har «tilgangsstyring» i verksemda dykkar til å gi deg fullmakt til desse tilgangspakkane. Personen som gir deg fullmakt, må sjølv også ha dei same tilgangspakkane.

Les meir om tilgangstyring

Enkeltteneste

Du kan også få tilgang til dette skjemaet ved å få fullmakt til det som ei enkeltteneste i Altinn.

Du får fullmakta frå ein person som er «hovedadministrator» eller er «tilgangsstyrer» i verksemda di. Denne personen må også ha den same enkelttenesta som du skal ha tilgang til.

Enkelttenesta heiter:

  • «Førehandsmelding om arbeidsplass der det blir utført mellombels eller skiftande byggje- eller anleggsarbeid»

I tillegg må de ha tilgang til:

  • «Endring av innsend førehandsmelding» – for å kunne sende oss oppdateringar om ei innsend førehandsmelding (sjå nedanfor)

  • «Arbeidstilsynet meldinger» – for å kunne lese meldingar frå oss om dette skjemaet

Sjå også ein stegvis guide om korleis de gir fullmakt til enkelttenester i Altinn:

Gi fullmakt til enkelttjenester

Kvifor skal skjemaet brukast?

Formålet med dette skjemaet er å hente inn opplysningar om midlertidig eller skiftande bygge- eller anleggsplassar, slik at Arbeidstilsynet kan drive tilsyn etter arbeidsmiljølova.

Kravet om førehandsmelding er fastsett i byggherreforskrifta § 10 (arbeidstilsynet.no)

Meir om skjemaet

Etter at de har sendt inn førehandsmeldinga vil de i innboksen i Altinn få tilsendt ein plakat som er ei bekrefting på innsend førehandsmelding.

Plakaten har oversiktsinformasjon om prosjektet. Byggherren skal sørge for å skrive ut plakaten og henge han opp på ein godt synleg stad på bygge- eller anleggsplassen.

Send endringsmelding ved endringar i prosjektet

Dersom det skjer endringar i prosjektet, skal de oppdatere førehandsmeldinga ved å sende inn ei endringsmelding.

De skal melde frå om

  • avlysing av prosjektet – det vil seie stopp av prosjektet eller tilbaketrekking av ei innsend førehandsmelding

  • endring i varigheit – det vil seie endringar i forventa start eller sluttdato for den midlertidige bygge- eller anleggsplassen

Der sender inn ei endringsmelding ved å opne ei innsend førehandsmelding i innboksen eller i arkivmappa i Altinn. Trykk deretter på knappen «Endre førehandsmelding».

Rettleiing

For informasjon om skjemaet og korleis du fyller det ut, sjå:

Forhåndsmelding i bygg og anlegg (arbeidstilsynet.no)

Svartenesta til Arbeidstilsynet svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet.