Oppstart av mellombels eller skiftande arbeidsplass kvar det utføres bygge- eller anleggsarbeid som vil vare meir enn 15 virkedagar eller om forvententa arbeidsmengde blir meir enn 250 dagsverk.
Arbeidstilsynet skal ha førehandsmeldinga ei uke før arbeid startar
Byggherren skal syte for at det vert sendt ei førehandsmelding på fastsatt skjema dersom arbeidet har en varigheit utover 15 virkedagar eller den forventa arbeidsmengda overstig 250 dagsverk. Er byggherren forbrukar skal førehandsmeldinga sendast inn av den verksemda som påtar seg å utføre byggje- eller anleggsarbeidet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du enten være innlogga som sjølregistrert brukar eller ha Altinn-rolla Utfyller/Innsendar.
Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, kan du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.
Skjemaet krev tryggleiksnivå 0.
Opplysningar om mellombels eller skiftande arbeidsplass som gjer at Arbeidstilsynet får oversikt over alle tilsynsobjekt og kan driva tilsyn etter arbeidsmiljølova (AML)
Det skal sendast ei førehandsmelding til Arbeidstilsynet om byggje- eller anleggsarbeid dersom arbeidet kjem til å vare utover 15 yrkedagar eller dersom den forventa arbeidsmengda overstig 250 dagsverk, jf. byggherreforskrifta § 10.
I dei tilfella der byggje- eller anleggsarbeidet ikkje overstig desse grensene, ligg det ikkje føre noka plikt til å sende førehandsmelding. Skjemaet her skal brukast til førehandsmeldinga.
Byggherren skal syte for at førehandsmeldinga blir hengt opp på ein synleg stad på anleggsplassen. Denne førehandsmeldinga skal ajourførast når nye verksemder blir engasjert i prosjektet.
Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet: