Årleg melding for godkjend verksemd som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring
Verksemder som er godkjende for å tilby bilpleie, hjulskift og hjullagring, skal kvart år bekrefte at dei framleis oppfyller krava. De må sende inn årleg melding for å fortsette å stå i oversikta over godkjend bilvask, dekkskift og dekkhotell. Da kan de framleis lovleg tilby manuell bilvask, dekkskift og dekkhotell.
Rettleiing
Når skal skjemaet brukast?
Bruk skjemaet for å bekrefte at de framleis oppfyller krava. De må også sende inn årleg melding for å framleis stå i oversikta over godkjend bilvask, dekkskift og dekkhotell (arbeidstilsynet.no)
Viss de ikkje sender meldinga innan fristen, kan Arbeidstilsynet kalle tilbake godkjenninga. Da får de statusen som “ulovleg – ikkje godkjend” i oversikta og de kan ikkje lengre drive med desse tenestene lovleg.
De skal sende inn årleg melding eit år etter at de fekk vedtak om godkjenning frå Arbeidstilsynet, og kvart år innan same dato etter det. De får brev frå oss om kva frist som gjelder for dykk og når de skal sende inn årleg melding.
Kven skal bruke skjemaet?
Alle som er godkjende av Arbeidstilsynet for å tilby bilpleie, hjulskift og hjullagring, skal sende inn årleg melding.
Tilgangar til skjemaet i Altinn
Tilgangspakkar
Sende inn skjema
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha éin av følgjnde tilgangspakkar i Altinn:
Fullmaktsområdet Forhold ved virksomheten: «Starte, endre og avvikle virksomhet »
Fullmaktsområde Andre tjenesteytende tjenester: «Tjenester NUF»
Motta post
For å få post frå oss må du ha følgande tilgangspakkar:
«Ordinær post til virksomheten»
Om du ikkje har desse tilgangspakkane, kan du få ein person som er «hovedadministrator» eller har «tilgangsstyring» i verksemda dykkar til å gi deg fullmakt til desse tilgangspakkane. Personen som gir deg fullmakt, må sjølv også ha dei same tilgangspakkane.
Enkeltteneste
Du kan også få tilgang til dette skjemaet ved å få fullmakt til det som ei enkeltteneste i Altinn.
Du får fullmakta frå ein person som er «hovedadministrator» eller er «tilgangsstyrer» i verksemda di. Denne personen må også ha den same enkelttenesta som du skal ha tilgang til.
Enkelttenesta heiter:
«Årleg melding for godkjend verksemd som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring»
I tillegg må de ha tilgang til:
«Utvida årleg melding for bilpleieverksemder» – for å kunna senda inn inn utvida årleg melding for bilpleieverksemda
«Søknad om godkjenning av bilpleie, hjulskift og hjullagring» – - for å kunna senda inn ny søknad dersom det er behov for det
Sjå også ein stegvis guide om korleis de gir fullmakt til enkelttenester i Altinn:
Kva skal eg leggje ved?
Er de ei verksemd som har arbeidstakarar, kan de dersom det er endra sidan søknaden vart sendt inn, leggja ved ny dokumentasjon på at de
er tilknytte ei godkjend bedriftshelseteneste
har yrkesskadeforsikring