Dersom du i eigenskap av privatperson har engasjert ein arbeidstakar, må du sende denne inntektsmeldinga når arbeidstakaren skal ha sjukepengar, foreldrepengar, svangerskapspengar eller stønader ved sjukt barn eller nærståande.

Les meir på nav.no/inntektsmelding.

Start teneste

Om denne tenesta

• Ved foreldrepermisjon skal du sende inntektsmeldinga tidlegast fire veker før arbeidstakaren skal ha foreldrepengar. Dette gjeld også når den tilsette startar foreldrepermisjonen med å utsetje han.

• Ved sjukefråvær skal du sende inntektsmeldinga så snart arbeidsgivarperioden er over.

Inntektsmeldinga gjeld desse ytingane frå NAV:
• Sjukepengar
• Foreldrepengar
• Svangerskapspengar
• Omsorgspengar
• Pleiepengar
• Opplæringspengar

Forskrift om at saksopplysningar til Arbeids- og velferdsetaten skal givast elektronisk, § 1 er gitt med heimel i folketrygdlova § 21-4. Ho trer i kraft 1. januar 2019.

Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.

Kontaktinformasjon:

NAV Kontaktsenter 55 55 33 36.

Åpne kontaktskjema