Særskilt løyve til anlegg og drift av innretningar for transport og for utnytting av petroleum

Om denne tenesta

Søknad skal sendast til Energidepartementet.

Når retten til anlegg og drift ikkje følgjer av ein godkjent plan for utbygging og drift etter petroleumslova § 4-2 kan ein søkje som særskilt løyve.

Plan for bygging, plassering, drift og bruk av innretningar av petroleumsførekomsten skal vere lagt ved søknaden. Nærare krav til innhald i planen går fram av petroleumslova § 4-2.

Departementet kan på nærare fastsette vilkår gi særskilt løyve til anlegg og drift av innretning for transport og for utnytting av petroleum.

Departementet kan ved kunngjering av løyvet eller seinare bestemme at rettshavar skal stille slik tryggleik som departementet godkjenner for oppfylling av dei forpliktingar rettshavar har pådratt seg, samt for mulig ansvar i samband med petroleumsverksemda.

Løyve blir gitt for ein bestemt periode, og kan etter søknad frå rettshavar bli forlenga av departementet.

Generelt:

Ein krev ytterligare løyve, godkjenningar og samtykke av mindre omfang frå myndigheiter innanfor løyvet si varigheit.

Åpne kontaktskjema