Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Nyheiter
  3. Sjekk om du må gjere noko før vi slår av gamle Altinn

Sjekk om du må gjere noko før vi slår av gamle Altinn

Om du tidlegare har gitt tilgangar i Altinn, må du sjekke om du må gjere det på nytt.

Vi fornyar Altinn. I ein periode har både gamle og nye Altinn vore i bruk, men 19. juni 2026 skrur vi av gamle Altinn. 

Sjekk om du må gi nokon fullmakt

Om du tidlegare har gitt tilgangar i Altinn, må du sjekke om du må gjere det på nytt. Vi kan ikkje flytte alt automatisk frå gamle til nye Altinn. Tilgang gjennom gamle Altinn-roller vil vere gyldig til 31. desember 2026 med mindre tenesteeigar beslutter at tilgangen til sine tenester skal opphøre tidlegare.

I nye Altinn blir dagens Altinn-roller erstatta av tilgangspakkar. Ein tilgangspakke inneheld fullmakt til ulike skjema og tenester innanfor same kategori.

Slik kan du gi nye fullmakter.