Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Nyheiter
  3. Nye Altinn: Endring for nokre roller frå Einingsregisteret

Nye Altinn: Endring for nokre roller frå Einingsregisteret

I nye Altinn får ikkje alle roller i Einingsregisteret automatisk dei same tilgangane som dei har hatt i gamle Altinn.

Årsaka til det er at fullmakter i nye Altinn blir gitt i tråd med lovverket for kven som kan representera ei verksemd digitalt.

Følgende roller i Einingsregisteret vil ikkje automatisk få fullmakt i Altinn

  • Forretningsførar

  • Kontaktperson

  • Styremedlem

  • Nestleiar

  • Norsk representant for utanlandsk eining 

Det er nokre unntak frå denne lista.  

  • Forretningsførar for burettslag og eigarseksjonssameige får automatisk fullmakter.  

  • Organisasjonsforma NUF behandlas særskilt. Sjå kapittel under.

Kva betyr dette for verksemda di?

Nokon roller i Einingsregisteret gir ikkje automatisk tilgangspakkar i Altinn. Mister du fullmakter du tidlegare hadde via ei rolle, må du få desse frå verksemda sin Hovedadministrator. 

Hovudadministrator har utvida høve til å gi fullmakter. Ein hovudadministrator kan gi alle fullmakter og tilgangspakkar – utan sjølv å ha fullmakt til tenestene eller pakkane.

Ein person som har tilgangspakken tilgangsstyrar, kan berre gi dei fullmaktene hen sjølv har.

Kven er Hovedadministrator?

Hovudadministrator er ein person i verksemda som har overordna ansvar for tilgangsstyring i Altinn. Personar som har tilgangspakken Hovedadministrator er til dømes

  • dagleg leiar

  • leiaren i styret

  • deltakar (med fødselsnummer)

  • innehavar

  • personar som har fått delegert tilgangspakken Hovedadministrator

Spesialbehandling av organisasjonsforma NUF

For å redusere risikoen for at NUF (Norskregistrert utanlandsk føretak) er det gjort ein del unntak frå hovudregelen over:

  • Kontaktperson NUF får tilgangspakkane: Tilgangsstyrar, Maskinporten administrator og Tilgangsstyrar for enkeltmeldingar, -skjema og -dialogar..

  • Ny! Forretningsførar og norsk representant i NUF får også tilgangsstyringsmoglegheit

  • Ny! Tilgangspakka Tenester NUF er oppretta og blir gitt til kontaktperson, forretningsførar og norsk representant når organisasjonsforma er NUF. Denne legg til rette for delegering av mange tenester NUF er avhengige av i ein operasjon, samt for bruk i klientadministrasjon og systemtilgang for klientforhold (i tilfelle der ei verksemd har fått tilgangspakka)

  • Ny! Nokre av dei "ordinære" tilgangspakkene blir også gitt til kontaktperson, norsk representant og forretningsførar. Tilgangspakkene blir automatisk tildelt når organisasjonsforma til ei verksemd er NUF. Dette gjeld følgjande tilgangspakker:

    • Skatt næring

    • Skattegrunnlag

    • Merverdiavgift

    • Særavgifter

    • Krav, betalinger og utlegg

    • A-ordningen

    • Lønn med personopplysninger av særlig kategori

    • Oppgi nærmeste leder for sykmeldt ansatt

Tenesteeigarar i Altinn er informerte om endringane

Det er  tenesteeigar, til dømes Skatteetaten eller NAV, sitt ansvar å plassera tenestene sine i roller i Einingsregisteret. Døme: Ein tenesteeigar kan velja om ei teneste skal knytast direkte til rolla Norsk representant for NUF. 

Kva gjer du om du manglar fullmakt?

  1. Sjekk om nokon i verksemda har ei rolle som normalt har fullmakta Hovedadministrator. Dette kan du sjekka ved å gjera oppslag på brreg.no.

  2. Kontakt eventuelt tenesteeigaren og høyr om dei har  vurdert å legge aktuell fullmakt i ei rolle i Einingsregisteret.  

Du kan visa til denne informasjonen når du tek kontakt med tenesteeigar. 

Les meir om kven som kan administrera fullmakter på våre hjelpesider