Slik kan du gi og få nye fullmakter
No er det enkelt å be om fleire. Vel aktøren, gå til Tilgangsstyring, klikk på ditt eige namn og knappen Be om fullmakt.
Vi kan dessverre ikkje flytte dei gamle rollane, så i overgangen frå rollar til tilgangspakkar må mange gi tilgangar på nytt.
Kva må eg gjere?
Har du tidlegare gitt rollar eller enkelttenester til andre i gamle Altinn?
Gi dei fullmakt til tilgangspakkar eller enkelttenester viss du framleis vil at dei skal hjelpe deg. Du finn det under Tilgangsstyring.
Har du ei verksemd med rekneskapsførar og/eller revisor?
Viss ho er registrert via Einingsregisteret treng du ikkje gjere noko. Tilgangane blir flytte automatisk til nye Altinn.
Har du gitt ekstra fullmakter til rekneskapsførar og revisor må du gi det på nytt, anten som tilgangspakkar eller enkelttenester.
Kva tilgangspakkar skal eg gi?
Vi kan dessverre ikkje gi råd om kva tilgangspakke du skal gi fullmakt til. Det er fordi det som tidlegare har lege i ein rolle no er spreidd ut over fleire tilgangspakkar. Du må vurdere kva tenester dei ulike personane og verksemdene treng fullmakt til, og finne ut kva av dei nye tilgangspakkane desse tenestene ligg i. Du kan søke etter tenester i fullmaktsoversikta under Tilgangsstyring.
Enkelttenester
Ønskjer du å gi fullmakt til enkelttenester, kan du gjere det på same måten som før.