Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Logg inn på Altinn med e-post

Frå 13. februar blir det enklare å logge inn på Altinn med e-postadresse. «Email login» er eit viktig steg i arbeidet vårt med å gjere innlogging meir fleksibelt, tilgjengeleg og sikkert for fleire brukarar. Det gjeld spesielt utanlandske brukarar som ikkje har norsk identifikasjonsnummer.

For å bruke «Email login» må du registrere e-postadressa di. Les meir om korleis du tek i bruk "Email login".

Det er allereie mogleg å logge inn på Altinn utan norsk fødselsnummer eller d-nummer. Om du har ein slik brukar frå før, kan du halde fram med å bruke den fram til 19. juni. Men etter det må du lage ein ny bruker med «Email login».