Enklare tilgangsstyring i nye Altinn
Dette skjem 4. mars
Tilgangsstyring for privatpersonar
Det kjem ei ny og forenkla brukarflate som gjer det lettare for privatpersonar å gi andre fullmakt til digitale tenester. 4. mars kjem det nye tilgangspakkar for privatpersonar, og brukarar kan gi fullmakt til tilgangspakkar ved behov.
Klientadministrasjon
Virksomheter som får fullmakt frå kundane sine – til dømes rekneskapsførarar og revisorar – kan frå 4. mars gi desse fullmaktene vidare til eigne tilsette.
Det er også nytt at alle verksemder kan gjere dette.
Verksemdene får ei tydeleg oversikt over kven som kan gjere kva for kva klientar, noko som gjer det enklare å administrere og sikre at rette personar har rette fullmakter.
Som erstatning for dagens nedlasting til fil har vi innført bruk av API. Les meir om API. Dette betyr at profesjonelle brukarar ikkje kan laste opp og sende inn filer for å styre kven som kan rapportere på vegner av klientane og kundane sine i nye Altinn. Dette kan framleis gjerast i gamle Altinn fram til 19.06.2026.
Støtte for verjemål
Vi innfører no full støtte for verjemål i Altinn. Dette gjer det enklare og tryggare for både verjer og personar under verjemål å bruke digitale tenester. Statsforvaltaren bestemmer kva tilgang ei verje får i Altinn.
Tidlegare samtykke blir med vidare
Samtykke som tidlegare er gitt i gamle Altinn blir automatisk overførte. Du treng ikkje gjere noko på nytt, og verksemder slepp å innhente samtykke igjen etter oppgraderinga.
Dette kjem 11. mars
Tilgangsstyring av enkelttenester
Frå 11. mars kan privatpersonar og verksemder også gi fullmakt til enkelttenester.
Dette kjem i løpet av april
Del og gi tilgang i innboksen
Muligheten til å dele eller gi fullmakt til eit enkeltelement i innboksen kjem i april. Vi jobbar for å lansere funksjonen 22. april, men datoen kan bli justert. Når dette er på plass, blir det mogleg å samarbeide om enkeltelement utan å gi breiare fullmakt enn nødvendig.
Be om fullmakt
Har du allereie rettar på vegner av ei verksemd? I løpet av april kan du be om fullmakt til fleire enkelttenester når du får nye behov. Dette gjeld berre enkelttenester. Det blir mogleg å be om tilgangspakkar på eit seinare tidspunkt.
Nye omgrep i Altinn
I nye Altinn erstattar vi «gi og få tilgang», «gi og få rettar» og «delegere» med omgrepet «gi og få fullmakt». Det betyr at du no gir fullmakt til ein tilgangspakke eller fullmakt til ei enkeltteneste, avhengig av behov.
Omgrepet fullmakt blir brukt på ein ny måte i nye Altinn samanlikna med gamle Altinn. Det kan vere uvant for mange. Samtidig skil vi tydeleg mellom fullmakter og fullmaktsavtalar. Fullmakter er det du gir eller får for å utføre ei konkret handling eller teneste. Fullmaktsavtalar, som blir kalla «fullmakter» i gamle Altinn II, er meir overordna, varige avtalar mellom to partar.
Dette nye språket skal gjere det enklare å forstå kva du faktisk gir fullmakt til – og bidra til ein meir intuitiv og heilskapleg tilgangsstyring.
Nye Altinn i beta
Mange vil nok leggje merke til at enkelte delar av Altinn er merkte med eit «beta»-ikon. Dette betyr at funksjonaliteten framleis er under utvikling og vil bli vidareutvikla i tida framover. Dette er ein viktig del av den smidige arbeidsforma vår og bidreg til at vi kan forbetre løysinga raskare og med høgare treffsikkerheit. Nye Altinn vil gradvis rullast ut fram mot at gamle Altinn blir avvikla i juni 2026. Les meir om nye Altinn.
Ved å synleggjere at noko er i beta ønskjer vi å vere opne om at delar av løysinga ikkje er heilt komplett enno, samtidig som vi inviterer brukarane til å teste, utforske og gi innspel. Du kan naturlegvis stole på at den nye løysinga er like sikker som den gamle.
Gamle Altinn er framleis tilgjengeleg, og kan brukast om du ikkje får gjort det du ønskjer i nye Altinn.