Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Korleis finn eg riktig skjema?

I alle skjema og tenester finn du alle skjema og tenester som ligg i Altinn. Du kan enten bruke søkefeltet øvst på sidan, eller gå inn på ein av kategoriane. Du kan også sortere etter etat ved å trykkje på Alle etatar.

I nokre tilfelle sender etaten lenkje til skjema i innboksane til dei som skal fylle ut eit skjema. I slike tilfelle bør du gå inn i den aktuelle innboksen og finne skjemaet der. For å kunne sjå skjemaet i innboksen, må du ha rett fullmakt. Det kan du få via enkeltrett, rolle eller tilgangspakke.

Er du usikker på kva skjema du skal bruke må du ta kontakt med den etaten eller kommunen som eig skjemaet.