Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Tilskot til klima- og miljøvennleg teknologi

Tilskotet skal bidra til testing og introduksjon av ny teknologi i landbruket. Målet er meir lønnsam, og meir klima- og miljøvennleg produksjon.

For kven

For bønder som ønsker å teste eller introdusere ein ny teknologi for ein meir klima- og miljøvennleg produksjon.  

Kva kan det brukast til

Det kan bli gitt investerings- og utviklingstilskot til teknologi som ennå ikkje er testa eller er tilstrekkeleg utprøvd under norske forhold. Det kan vere teknologiar som:  

  • automatisering
  • sensorar
  • robotisering
  • plattformer

Det blir ikkje gitt tilskot til prosjekt som har låg risiko og som enkelt kan bli gjennomført utan tilskot.