Starte og registrere allmennaksjeselskap (ASA)
Føresetnadene for å starte eit allmennaksjeselskap:
- Eit allmennaksjeselskap kan stiftast av ein eller fleire personar. Både fysiske personar og juridiske personar (eksempelvis aksjeselskap eller foreiningar) kan vere stiftarar.
- For å vere stiftar eller ha ei anna rolle i eit allmennaksjeselskap må du ha fylt 18 år (og ikkje vera idømd konkurskarantene eller rettstap som hindrar deg i å stifta eller å ha rolle i det aktuelle selskapet).
- Selskapet må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som vert oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken åleine, kun som supplement).
Stifte og registrere allmennaksjeselskap
Slik stiftar og registrerer du allmennaksjeselskap når alle som skal ha roller i selskapet har norsk fødselsnummer eller d-nummer
- Stift allmennaksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter og signer desse.
- Stift allmennaksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter og signer desse.
Når registreringa er ferdig behandla blir svaret sendt til innsender.
Namn på allmennaksjeselskap
Allmennaksjeselskap må ha føretaksnemninga "allmennaksjeselskap" eller forkortinga "ASA" bak føretaksnamnet. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).
Frist for registrering
Melding om registrering av selskapet må vere mottatt av Føretaksregisteret seinast tre månader etter at føretaket er stifta. Selskapet kan normalt ikkje på ta seg forpliktingar før det er registrert.
Kor lang tid tek det?
Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera vil variere gjennom året.
Kva kostar det?
Registrering av eit allmennaksjeselskap kostar 6 500 kroner i gebyr ved elektronisk registrering i Altinn, og 7 653 kroner ved registrering på papirskjema.
Ved registrering får selskapet eit organisasjonsnummer.
Endre frå aksjeselskap til allmennaksjeselskap
Eit aksjeselskap (AS) kan omdannast til allmennaksjeselskap (ASA) utan å endre organisasjonsnummer.