Rettleier val av organisasjonsform

Planlegg før val av organisasjonsform

Før oppstart

God planlegging og fokus på marknaden gjev deg betre sjansar for å lukkast med utvikling av idéen din til ei framtidig verksemd.

Tenkjer du å ha samarbeidspartnarar og søkje finansiering hos bank eller tilsvarande, er dei opptekne av at du kan vise til realistiske planar og budsjett for å inngå eit samarbeid med deg.

All relevant informasjon om korleis du vil realisere forretningsidéen kan du oppsummere i ein forretningsmodell. Neste steg i planleggingsfasen vil vere å lage gode oppstartsbudsjett og eventuelt utarbeide ein forretningsplan. Søk gjerne råd og rettleiing undervegs.

Uavhengig av kva for organisasjonsform du vel for etableringa di er ei sunn finansiering viktig for å gjere oppstarten lettare, og sikre at du klarar å betale forpliktingane dine. Ved oppstart må du ha ein viss eigenkapital, og storleiken på denne avheng blant anna av kva for risiko du tek og i kva for bransje du skal starte opp i.

Aktuelle organisasjonsformer

Kva for organisasjonsform som kan passe for det de skal starte opp med bør avgjerast ut frå kor stor aktiviteten vil bli og kva for risiko etableringa inneber. Behovet for kapital kan også ha betydning for kva for organisasjonsform de vel.

Basert på at de ønskjer å starte verksemd saman kan de velje mellom organisasjonsformene under.

Aksjeselskap (AS)

Eit aksjeselskap kan ha ein eller fleire eigarar. Eigarane står ikkje personleg ansvarlege for verksemda si gjeld, anna enn aksjekapitalen som er betalt inn. Aksjekapitalen må vere på minimum kroner 30 000,-.

Aksjeselskap kan passe når etableringa medfører økonomisk risiko av betydning. Eksempel på dette er når verksemda krev store investeringar og/eller har behov for fleire tilsette.

Det avgrensa ansvaret, fleksibiliteten og moglegheitene for kjøp og sal av aksjane gjer at aksjeselskap er å føretrekkje dersom du planlegg etableringa med fleire eigarar, eller ønskjer å leggje til rette for eksterne investorar.

Roller i aksjeselskapet

Generalforsamlinga er aksjeselskapet si øvste myndigheit og det er aksjonærane i selskapet som har møte- og stemmerett.

Styret blir valt av generalforsamlinga og skal bestå av minst ein person. Ein styremedlem må vere myndig. Styremedlemmen kan ikkje vera gitt konkurskarantene eller idømt rettstap. Styret møtest ved behov.

Styret er ansvarleg for drifta og organiseringa av selskapet.  Selskapet kan velje å ha dagleg leiar, denne blir tilsett av styret. Dagleg leiar og minimum halvparten av medlemmene i styret må vera busett i Noreg eller annan EØS-stat, Storbritannia, Nord-Irland eller Sveits.

I mange aksjeselskap har eigaren aleine alle desse rollene. Ver merksam på at desse krava gjeld uavhengig av storleiken på selskapet.

Brønnøysundregistrene om roller i aksjeselskap

Aksjeloven om krav til bosted

Tilsett

Ein av fordelane med å etablere eit aksjeselskap er at du som eigar også kan vere tilsett i selskapet. Som tilsett i eiget aksjeselskap har du like sosiale rettar som andre arbeidstakarar. Aksjeselskapet har arbeidsgivaransvar for deg og du skal ha utbetalt lønn.

Eigaren av aksjeselskapet kan velje å ikkje vere tilsett sjølv om han/ho arbeider i selskapet. Utbetalinga frå aksjeselskapet til eigaren kan då skje som utbyte. Du opparbeider deg ikkje sosiale rettar av det som vert utbetalt som utbyte.

Sosiale rettar

Sjukepengar

Som eigar og tilsett har du krav på 100 prosent sjukepengar frå første sjukedag. Men ver merksam på at NAV dekkjer sjukepengane frå dag 17. Dei første 16 kalenderdagane er det aksjeselskapet som arbeidsgivar som skal betale sjukepengar.

Dagpengar

Som eigar og tilsett i aksjeselskapet opparbeider du rett til dagpengar ved arbeidsløyse, på lik linje med andre arbeidstakarar. Vilkåra for å få dagpengar finn du hos NAV.

Nav om dagpengeordninga

Pensjon

Som eigar og tilsett i aksjeselskapet tener du opp pensjonsrettar av det du får i lønn, på lik linje med andre arbeidstakarar. Ver merksam på at ved overgang til pensjon vil dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Dersom selskapet har fleire tilsette vil det normalt ha plikt til å teikne ei tenestepensjonsordning for sine tilsette.

Skatt

Aksjeselskapet og eigarane vert skatta på tre måtar:

  • Selskapet betalar skatt av overskotet
  • Eigarane skattar av lønna dei eventuelt tek ut frå selskapet
  • Eigarane skattar av eventuelt utbyte som vert teke ut frå selskapet

Selskapet betalar skatten året etter inntektsåret og betalinga vert fordelt på to terminar.

Skatt for aksjeselskap

Rekneskap

Med næringsverksemd følgjer normalt bokføringsplikt. Det betyr at du må ta vare på dokumentasjonen av inntekter og kostnader og setje desse i eit system. Aksjeselskap vil i tillegg ha rekneskapsplikt. Det inneber at selskapet årleg skal levere årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. Dersom du ikkje har særleg kunnskap om rekneskapsføring bør du vurdere å setje bort denne jobben til ein rekneskapsførar.

Alle aksjeselskap med mindre enn 7 millionar kroner i omsetning kan normalt velje bort revisjon av årsrekneskapen.

Registrering og organisasjonsnummer

Registrering av aksjeselskap skjer via Samordna registermelding i Altinn. 

Etter at selskapet er registrert får du tildelt organisasjonsnummeret til føretaket.

Ansvarleg selskap (ANS/DA)

Eit ansvarleg selskap er eit selskap der to eller fleire eigarar (deltakarar) samla eller kvar for seg har eit uavgrensa personleg ansvar for verksemda. Det er ikkje krav til innskot i samband med oppstart av eit ansvarleg selskap.

Det er to hovudformer for ansvarleg selskap

  • I eit ansvarleg selskap med solidarisk ansvar(ANS) har alle deltakarane eit uavgrensa og personleg ansvar for heile gjelda. Solidaransvar betyr at ein kreditor kan krevje ein av deltakarane for heile gjelda, og så er det opp til deltakarane å gjere opp seg i mellom.
  • I eit ansvarleg selskap med delt ansvar (DA) har deltakarane samla eit uavgrensa og personleg ansvar for heile selskapsgjelda, men kvar deltakar kan berre belastast opptil sin ansvarsdel. Kor stor ansvarsdel kvar deltakar har, må gå fram av selskapsavtalen.

Ansvarleg selskap kan passe når verksemda har lav økonomisk risiko og du stolar på partnaren. Eit eksempel der denne organisasjonsforma vert nytta er kontorfellesskap.

Kompanjongavtale

Kombinasjonen personleg ansvar og at deltakarane tek avgjerder i fellesskap, kan føre til usemje mellom deltakarane. Det kan derfor vere fornuftig at deltakarane inngår ein kompanjongavtale. Dette er ikkje lovpålagt.

Roller i ansvarleg selskap

Selskapsmøtet er øvste myndigheit i ansvarlege selskap. Deltakarane i selskapet er medlemar i selskapsmøtet og har møte- og stemmerett.
Ansvarlege selskap er ikkje pliktige til å ha styre eller dagleg leiar i selskapet, men selskapsmøtet kan likevel vedta dette.

Tilsett

Som deltakar i eit ansvarleg selskap er du ikkje tilsett, og får ikkje lønn. Det skal heller ikkje betalast arbeidsgivaravgift av uttak til deltakarane.
Dersom selskapet tilset nokon som ikkje er deltakar i selskapet får selskapet arbeidsgivaransvar, og må følgjeleg betale lønn og arbeidsgivaravgift for den tilsette.

Sosiale rettar

Sjukepengar

Som deltakar i eit ansvarleg selskap vert du rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Med det har du normalt meir avgrensa rettar enn om du var arbeidstakar.

Sjølvstendige næringsdrivande har rett til sjukepengar frå 17. sjukedag, og då med 80 prosent dekning av sjukepengegrunnlaget. Dette i motsetning til arbeidstakarar som har 100 prosent dekning frå første dag. Du kan teikne ulike forsikringar for å betre sjukepengerettane dine.

Dagpengar

Som deltakar i eit ansvarleg selskap har du ikkje rett til dagpengar.

Pensjon

Som deltakar i eit ansvarleg selskap tener du opp pensjon av næringsinntekta di. Ver merksam på at ved overgang til pensjon vil dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Å spare til pensjon vil derfor vere viktig. Du kan også inngå private pensjonsavtalar.

Skatt

I eit ansvarleg selskap er det deltakarane som betalar skatten for selskapet.
Deltakarane vert skatta:

  • av sin del av overskotet til selskapet
  • av arbeidsgodtgjersla dei eventuelt tek ut frå selskapet
  • av eventuell utdeling frå selskapet

Skatt av overskotet vert betalt året etter inntektsåret, fordelt på to terminar. Skatt av arbeidsgodtgjersla vert betalt fire gonger i løpet av inntektsåret.

Skatt for ansvarleg selskap

Rekneskap

Med næringsverksemd følgjer normalt bokføringsplikt. Det betyr at du må ta vare på dokumentasjonen av inntekter og kostnader og setje desse i eit system. Ansvarleg selskap vil i tillegg ha rekneskapsplikt dersom selskapet oppfyller nærmare krav. Rekneskapsplikta inneber at selskapet skal levere årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. Dersom du ikkje har særleg kunnskap om rekneskapsføring bør du vurdere å setje bort denne jobben til ein rekneskapsfører.

I enkelte tilfelle vil eit ansvarleg selskap vere pliktig til å ha revisor.

Registrering og organisasjonsnummer

Registrering av ANS og DA skjer via Samordna registermelding i Altinn. 

Etter at registreringa er godkjend får du tildelt eit organisasjonsnummer.

Samvirkeføretak (SA)

Eit samvirkeføretak må ha to eller fleire medlemar. Hovudformålet i eit samvirkeføretak er å fremje medlemane sine økonomiske interesser. Sentralt i dette ligg at du som medlem gjennom samarbeid får oppfylt dine økonomiske interesser, anten som tilsett, leverandør eller kunde hos samvirkeføretaket.

Medlemane står ikkje personleg ansvarlige for gjelda til verksemda, utover eventuelle innskot. Det er ikkje krav om innskot, men samvirkeføretaket skal til kvar tid ha ein forsvarleg eigenkapital. Samvirkeføretak er godt eigna når personar eller verksemder skal samarbeide om sal av produkt/tenester eller løyse felles utfordringar.

Tilsett

Ein av fordelane med å etablere eit samvirkeføretak er at du som eigar også kan vere tilsett i føretaket. Du har då like rettar som andre arbeidstakarar. Samvirkeføretaket har arbeidsgivaransvar og du skal ha lønn.

Sosiale rettar

Sjukepengar

Som eigar og tilsett har du krav på 100 prosent sjukepengar frå første sjukedag. Men ver merksam på at Nav dekkjer sjukepengane først frå dag 17. Dei første 16 kalenderdagane er det arbeidsgjevaren som skal betale sjukepengar.

Dagpengar

Som eigar og tilsett opparbeider du rett til dagpengar ved arbeidsløyse, på lik linje med andre arbeidstakarar. Vilkåra for å få dagpengar finn du hos Nav.

Nav om dagpengeordninga

Pensjon

Som eigar og tilsett tener du opp pensjonsrettar av det du får i lønn, på lik linje med andre arbeidstakarar. Ved overgang til pensjon vil likevel dei fleste få ein betydeleg inntektsreduksjon. Dersom selskapet har fleire tilsette vil det normalt ha plikt til å teikne ei tenestepensjonsordning for sine tilsette.

Skatt

Samvirkeføretak og medlemane vert skatta på tre måtar:

  • Føretaket betalar skatt av overskotet
  • Medlemar skattar av lønn dei eventuelt tek ut frå selskapet
  • Private medlemar skattar av eventuelt utbyte som vert teke ut frå selskapet

Føretaket betalar skatten året etter inntektsåret og betalinga vert fordelt på to terminar.

Skatt for samvirkeføretak

Rekneskap

Med næringsverksemd følgjer normalt bokføringsplikt. Det betyr at du må ta vare på dokumentasjonen av inntekter og kostnader og setje desse i eit system. Samvirkeføretak vil i tillegg ha rekneskapsplikt ved ei årleg omsetning på meir enn 2 millionar kroner. Det inneber at selskapet årleg må levere årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. 

Samvirkeføretak med omsetning over kroner 7 millionar må ha revisor til å revidere årsrekneskapen.

Registrering og organisasjonsnummer

Registrering av samvirkeføretak skjer via Samordnet registermelding i Altinn. 

Etter godkjend registrering får føretaket tildelt organisasjonsnummeret sitt.

Meir om å starte og registrere samvirkeføretak

Last ned som PDF