Skjema for rapportering av oppgåver over betaling for pass og stell av barn. Kan nyttast av offentlege og private barehagar og skulefritidsordningar.

Start teneste

Om denne tenesta

Årleg rapportering, frist 20. januar.

  • 2. januar: Altinn opnar for rapportering av tredjepartsopplysningar
  • 20. januar: Frist for rapportering av tredjepartsopplysningar over pass og stell av barn
  • 1. mars: Frist for å få rapporterte tredjepartsopplysningar med i den førehandsutfylte skattemeldinga
  • 20. oktober: Siste frist for korrigeringar av tredjepartsopplysningar for føregåande inntektsår

Merk: Oppgåver som blir leverte etter fristen 20. januar året etter inntektsåret, er for seint leverte, og oppgåvegjevar kan verta pålagd tvangsmulkt.

Korrigering

Ein korrigerer feil i innsende oppgåver ved å sende dei inn på nytt med riktig beløp. Siste innsending gjeld.

Offentlege og private eigde barnehagar og skulefritidsordningar har plikt til å rapportere oppgåva.

For å rapportere tredjepartsopplysningar må opplysningspliktige sitt ni-sifra organisasjonsnummer frå Einingsregisteret nyttast.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla  Ansvarleg revisor.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing

Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.

Opplysningsplikta følgjer av skatteforvaltningslova kapittel 7.

Skatteetaten tilbyr to forskjellige skjema i Altinn for rapportering av  desse opplysningane:

  1. Tenesten på denne sida er eit skjema for manuell registrering av oppgåver (NB! Mange oppgåver i same skjema kan føre til tregleik eller feilsituasjonar. Skal du sende inn meir enn 50 oppgåver, tilrår vi at du deler opp innsendinga i fleire skjema).
  2. Skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg kan nyttast for rapportering av filvedlegg.

Treng du hjelp?

Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema.

E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.no
Telefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)

Åpne kontaktskjema