Rapportering til Skatteetaten frå næringsdrivande som kjøper eller omset egg frå produsentar.

Start teneste

Om denne tenesta

Årleg rapportering, frist 1. februar.

  • 2. januar: Altinn opnar for rapportering av tredjepartsopplysningar
  • 1. februar: Frist for rapportering for oppkjøparar av produkt frå primærnæring
  • 20. oktober: Siste frist for korrigeringar for føregåande år

Merk: Oppgåver som blir leverte etter fristen 1. februar året etter inntektsåret, er for seint leverte, og oppgåvegivar kan bli pålagd tvangsmulkt.

Næringsdrivande som utøver næring ved å kjøpe og omsetje landbruksprodukt, pliktar å gi Skatteetaten opplysningar om all omsetning med produsentane.

For å rapportera tredjepartsopplysningar må opplysningspliktig sitt ni-sifra organisasjonsnummer frå Einingsregisteret nyttast.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla  Ansvarleg revisor.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing

Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.

Opplysningsplikta følgjer av skatteforvaltningslova kapittel 7.

Skatteetaten tilbyr to forskjellige skjema i Altinn for rapportering av  desse opplysningane:

  1. Tenesten på denne sida er eit skjema for manuell registrering av oppgåver (NB! Mange oppgåver i same skjema kan føre til tregleik eller feilsituasjonar. Skal du sende inn meir enn 50 oppgåver, tilrår vi at du deler opp innsendinga i fleire skjema).
  2. Skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg kan nyttast for rapportering av filvedlegg.

Treng du hjelp?

Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema.

E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.no
Telefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)

Åpne kontaktskjema