Vanleg melding av føretakssamanslutning (KT-0101)

Om denne tenesta

Endring av tilstand (opphør, nedlegging, overdraging mv) - føretakssamanslutning

Det er opp til partane sjølv å bestemme når dei vil gje tilsynet melding om føretakssamanslutninga, så lenge partane ikkje har begynt å gjennomføre føretakssamanslutninga. Det er imidlertid forbode å gjennomføre fusjonar og oppkjøp som er meldepliktige etter konkurranselova, før Konkurransetilsynet har behandla saka. Gjennomføringsforbodet gir dermed ei oppfordring til å melde føretakssamanslutninga så tidleg som mogleg. Føretakssamaslutninga må imidlertid kunne beskrivast konkret nok til at Konkurransetilsynet vurderer at meldinga tilfredsstiller innhaldskrava.

Kva for kjøp skal meldas

Bedrifter og andre næringsdrivande har plikt til å melde frå til Konkurransetilsynet om fusjonar, oppkjøp og avtalar som fører til kontroll i andre selskap. I konkurranselova blir dette kalla føretakssamanslutningar.

I utgangspunktet er det plikt til å melde føretakssamanslutningar dersom dei involverte føretaka til saman omset for over 50 millionar kroner i Noreg årleg.

Det er likevel ikkje meldeplikt dersom berre eitt av føretaka omset for meir enn 20 millionar kroner i Noreg årleg.

Kven skal melde

Fusjon:

Dersom to eller fleire bedrifter fusjonerer, må det sendast felles melding.

Oppkjøp:

Bedrifta eller bedriftene som får kontroll i ei anna bedrift, skal sende melding.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere ho til deg.

Årsmelding og årsrekneskap. Du kan leggje til vedlegg ved å bruke fana "Vedlegg" når du har starta skjemautfylling.

Gje Konkurransetilsynet informasjon om føretakssamanslutningar i samband med saksbehandling etter konkurranselova kapittel 4.

Skjemaet finst i to utgåver, vanleg - KT-0101 Vanleg melding av føretakssamanslutningar og fullstendig melding - KT-0201 Fullstendig melding av føretakssamanslutningar.

Den vanlege meldinga skal gje Konkurransetilsynet informasjon for å avgjere om tilsynet skal sjå nærmare på saka og be om ei fullstendig melding. Den som melder, kan likevel sjølv velje å levere fullstendig melding med ein gong.

Kva for opplysningar må du gje

I meldinga må du gje informasjon om sjølve fusjonen eller oppkjøpet. I tillegg må du kort gjere greie for kva for marknader som blir berørte, og gje informasjon om bedriftene som er involverte.

Kva for opplysningar som skal gjevast opp, er nærare omtalt i det elektroniske skjemaet på Altinn.

Åpne kontaktskjema