Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Løyve til handel med pyroteknisk vare og distribusjon av eksplosiv

Kommunen gir løyve til handel med fyrverkeri kategori F2 og F3.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap gir løyve til handel med fyrverkeri kategori F4 og pyrotekniske sceneeffektar i kategori T1 og T 2
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap gir løyve til distribusjon av eksplosiv via tenesta Søknad og meldingar i samband med handsaming av eksplosive varer.

Når skal skjemaet brukast?

Søknad om løyve til handel med fyrverkeri kategori F2 og F3 blir send til den kommunen der verksemda blir driven.

Søknad om tillatrelse til handel med fyrverkeri kategori F4 og pyrotekniske sceneeffektar i kategori T1 og T2 blir levert elektronisk via Altinn.no. Nytt skjemaet "Søknad og meldingar vedrørande handtering av eksplosive varer".

Kva skal eg leggje ved?

Ved løyve til handel med fyrverkeri kategori F2 og F3:
Beskriving av handelslokalet, informasjon om kven som er utpeikt som særskilt utpeikt person og som innehar kompetansebevis for handel med fyrverkeri utstedt av Norsk brannvernforening på vegne av DSB. Sjå nærare informasjon frå kommunen om kva dei krev.

Ved løyve til distribusjon av eksplosiver:
Ordinær politiattest på dagleg leiar. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Kvifor skal skjemaet brukast?Meir om skjemaet

Kriterium/vilkår:

Det blir stilt krav om registrering i Føretaksregisteret før løyve blir gitt.

Følgjande krav blir stilt for løyve til handel med pyroteknisk vare, mellom anna fyrverkeri i kategori F2, F3 og F4:

Verksemd som søkjer løyve til handel med fyrverkeri i kategori F2 og F3, må drive handelsverksemd med fast utsalsstad og kunne leggje fram firmaattest frå Føretaksregisteret.

Verksemda skal ha tilsett ein særskilt utpeikt person med gyldig kompetansebevis utstedt av Norsk brannvernforening. Særskilt utpeikt person må vere minst 18 år.

Løyve til handel med fyrverkeri kategori F4, rakettar i kategori F2 og F3 og pyrotekniske sceneeffektar kan berre givast til importør eller norsk produsent for direkte vidare­sal til kvalifisert brukar. Slikt løyve blir gitt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Følgjande krav blir stilt for løyve til distribusjon av eksplosiver:

Løyve til distribusjon kan berre givast til den som blir rekna som skikka. For å få løyve til å distribuere eksplosivstoff, må verksemda ha eitt eller fleire bestemte faste utleveringsstader, der det samstundes ligg føre eit løyve til oppbevaring av eksplosivstoff.

Verksemda må dokumentere tilfredsstillande kunnskap om dei eksplosivstoffa som skal seljast. Søkjaren skal ha tilstrekkelege kvalifikasjonar til å oppfylle kravet om trygg handsaming av eksplosjonsfarlege stoff.

Merknader:

For handel med fyrverkeri i kategori F2 og F3 i romjula er søknadsfristen 1. mai. For søknad om distribusjon av eksplosivstoff er det ingen søknadsfrist.

Kommunane kan ta gebyr for behandling av søknad om løyve til handel med fyrverkeri. Løyve til handel med fyrverkeri i kategori F2 og F3, fritt til forbrukar, kan berre skje i perioden 27. - 31. desember.

Saksbehandlingsfristar:

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal bekrefte mottak av søknaden din innan ein månad etter at han er mottatt, og informere om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.

DSB skal ha ferdigbehandla søknaden innan tre månader etter at søknaden var komplett.

Gebyr: 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap krev ikkje gebyr for behandling av søknad om godkjenning.

Klage på vedtak:

Når Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klage på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.

Kontaktinformasjon

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Postboks 2014,
3103 Tønsberg

E-post: postmottak@dsb.no
Telefon: 33 41 25 00

Besøksadresse: Rambergveien 9, 3115 Tønsberg