Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Arbeidstilsynet
  4. Søk om godkjenning av verksemder som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring

Søk om godkjenning av verksemder som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring

Alle verksemder som tilbyr tenester innanfor manuell bilpleie, hjulskift og hjullagring, må søke om å bli godkjend av Arbeidstilsynet. Berre verksemder som har slik godkjenning, kan tilby slike tenester lovleg.

Rettleiing
Kven skal bruke skjemaet?

Alle som tilbyr tenester innanfor manuell bilpleie, hjulskift og hjullagring, må søke om godkjenning. Kva vil det seie å drive med manuell bilpleie, hjulskift på bil og hjullagring? (arbeidstilsynet.no)

Tilgangar til skjemaet i Altinn

Tilgangspakkar

Sende inn skjema
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet må du ha éin av følgjnde tilgangspakkar i Altinn:

  • Fullmaktsområdet Forhold ved virksomheten: «Starte, endre og avvikle virksomhet »

  • Fullmaktsområde Andre tjenesteytende tjenester: «Tjenester NUF»

Motta post
For å få post frå oss må du ha følgande tilgangspakkar:

  • «Ordinær post til virksomheten»

Om du ikkje har desse tilgangspakkane, kan du få ein person som er «hovedadministrator» eller har «tilgangsstyring» i verksemda dykkar til å gi deg fullmakt til desse tilgangspakkane. Personen som gir deg fullmakt, må sjølv også ha dei same tilgangspakkane.

Les meir om tilgangstyring

Enkeltteneste

Du kan også få tilgang til dette skjemaet ved å få fullmakt til det som ei enkeltteneste i Altinn.

Du får fullmakta frå ein person som er «hovedadministrator» eller er «tilgangsstyrer» i verksemda di. Denne personen må også ha den same enkelttenesta som du skal ha tilgang til.

Enkelttenesta heiter:

  • «Søknad om godkjenning av bilpleie, hjulskift og hjullagring»

I tillegg må de ha tilgang til:

  • «Årleg melding for godkjend verksemd som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring» – for å kunna senda inn årleg melding for bilpleieverksemda

  • «Utvida årleg melding for bilpleieverksemder» – for å kunna senda inn utvida årleg melding for bilpleieverksemda

Sjå også ein stegvis guide om korleis de gir fullmakt til enkelttenester i Altinn:

Gi fullmakt til enkelttjenester

Kva skal eg leggje ved?

Det er ulike krav for å bli godkjend for verksemder med og utan arbeidstakarar.

Vedlegg for verksemder som har arbeidstakarar

Er de ei verksemd som har arbeidstakarar, må de legge ved dokumentasjon på at de

  • oppfyller krava til verneombod

  • er tilknytta ei godkjend bedriftshelseteneste

  • har skriftlege arbeidsavtaler for alle grupper av arbeidstakarar

  • har dokumentasjon for inngått tariffavtale dersom de har ein slik avtale

  • oppfyller krava for timesatsar i samsvar med allmenngjeringsforskrifta

  • har yrkesskadeforsikring

  • har gyldig utsleppsløyve frå kommunen dersom de er omfatta av forurensningsforskriften § 15-1


Meir om vedlegga og innhaldet i søknaden for verksemder med arbeidstakarar (arbeidstilsynet.no)

Vedlegg for verksemder uten arbeidstakarar

Er de ei verksemd som ikkje har arbeidstakarar, treng de berre å legge ved dokumentasjon på gyldig utslippsløyve frå kommunen dersom de er omfatta av forurensningsforskriften § 15-1.

Meir om vedlegga og innhaldet i søknaden for verksemder utan arbeidstakarar (arbeidstilsynet.no)

Meir om skjemaet

Etter cirka 30 minutt vil de få eit brev frå oss i Altinn om at verksemda er mellombels godkjend. Samtidig vil de få status som “søknad under behandling” i oversikta over godkjend bilvask, dekkskift og dekkhotell. De kan då tilby tenester innanfor manuell bilpleie, hjulskift og hjullagring lovleg fram til dykk får vedtaket.

Unntak: Verksemder som har søkt minst ein gong tidlegare i løpet av 365 dagar vil bli vurderte opp mot avvisingsheimelen. Viss Arbeidstilsynet reknar det sannsynleg at verksemda ved ny søknad prøver å omgå krav i forskrifta, gjer me vedtak om avvising, verksemda vil i desse tilfella ikkje få ei mellombels godkjenning, men eit avvisingsvedtak. Sjå Forskrift om offentleg godkjenning av verksemder som tilbyr bilpleie, hjulskift og hjullagring, og om kjøp av slike tenester § 19.2. (arbeidstilsynet.no)