Tilskot til marknadsavklaring

Har du ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden? Innovasjon Norge kan gi deg tilskot til å teste om det finst ein marknad for løysinga di.


Marknadsavklaringstilskot er finansiering av innovative prosjekt med stort potensial til å skape verdi og vekst i den internasjonale marknaden eller i distrikta. Tilskotet skal du bruke til å teste om det eksisterer ein betalingsvillig marknad for di løysing.

Kven kan få marknadsavklaring?

  • Bedrifter som er yngre enn 3 år vert prioriterte. Dei må vere etablert med organisasjonsnummer. Det mest vanlege er enkeltpersonføretak eller AS.
  • Bedrifter med ein unik forretningsidé og ei grov skisse til forretningsmodell
  • Bedrifter som har eit datagrunnlag til å vurdere potensialet i marknaden sin
  • Bedrifter med tilgjengeleg kapital, menneskelege ressursar og kjernekompetanse som sannsynleggjer god gjennomføring av prosjektet.
  •  

Tilskotet finansierer eksterne kostnader knytte til marknadsavklaringsaktivitetar som må gjerast for å kunne ta prosjektet vidare til neste steg; kommersialisering av løysinga.

Innovasjon Noreg om marknadsavklaringstilskot

Åpne kontaktskjema